1. november opplevde han sitt livs mareritt då båten i løpet av nokre få minutt kantra og gjekk til botnar under lasting ved kai i Sløvåg.

Både Johan Mostraum og junior, Jon Fredrik, kasta seg i sjøen, men vart henta velberga i land.

— Eg hadde ikkje tid til å verta redd. Alt skjedde så fort at eg ikkje fekk tid til å tenkja. Måtte berre konsentrera meg om å gjera det som virka riktig akkurat der og då. Men det er alltid litt dramatisk når slikt skjer, seier Johan Mostraum til Nordhordland. Etter forliset var Johan Mostraum temmeleg sikker på at han kom til å gå i land, men no har han lagt det dramatiske forliset bak seg.

— Når sonen gjerne vil halda fram i næringa, får eg vera med ei stund til. Dessutan kan eg ikkje sitja heime med hendene i fanget, heller, smiler 60-åringen, som med sin nye båt Roslagen fra 1956, totalt har hatt fem båtar i si tid som fraktebåt-eigar.

MANNSKAPET: Johan Mostraum (t. v.), Terje Wilhelmsen og Jon Fredrik Mostraum opplevde marerittet med båtforlis 7. november i fjor.