Ufrivillege rykningar, ustø gange, personlegdomsendring og vanskeleg psyke er typiske symptom på Huntingtons sjukdom. Eller «setesdalsrykkja», som denne sjeldne, arvelege sjukdomen i sentralervesystemet også er kjent som. I Hordaland reknar ein med at kring tjue personar har diagnosen i dag.

I mars i år skreiv BT at landets einaste spesialavdeling for desse pasientane kom til å bli lagt ned frå 1. september. Slik skulle det ikkje gå likevel. Bergen kommune har denne veka bedt NKS Olaviken behandlingssenter på Askøy om å oppretthalde det ressurskrevande tilbodet i to år til. Rekninga på vel ti millionar kroner i året betalar kommunen.

Torsdag kunne dermed direktør Geir Viksund trekkje tilbake meldinga om at dei tilsette må sjå seg om etter andre arbeidsoppgåver. Tolv stillingar er knytt til avdelinga, der fire Huntingtons-pasientar har plass.

— Pårørande har ringt og takka, og er svært glade for at Huntingtons-pasientane kan fortsetje å bu her, fortel Olaviken-direktør Geir Viksund fornøgd til BT Også byråd Helen Nordeide Fløisand er glad for den toårige avtalen med Olaviken.