Det blei klart på det konstituerande kommunestyremøtet i Rosendal torsdag ettermiddag. Ei viss spenning var knytt til ordførarvalet, i og med sprekk og utmelding i Senterpartiet i forkant og ei blank SV-stemme som følgje av Ap sitt nye samarbeid med Frp.

Over til e-verket

I det skriftlege valet på ny ordførar fekk Solbakken 18 av dei avgitte stemmene, Leif Sverre Enes (H) 13 og Marit Elisebet Totland (KrF) 3. Elisabeth Eide Tharaldsen fekk 18 stemmer i varaordførarvalet, Leif Sverre Enes 17. Eide Tharaldsen avløyser Synnøve Handeland (V) i vervet som Kvinnherads nest fremste politiske leiar.

Synnøve Handeland er ifølgje avtalen mellom fleirtalskoalisjonen Ap, V, Frp og Knut Prestnes (uavh.) tilbydd det attraktive styreleiarvervet i Kvinnherad Energi AS.

Kontroll med kontrollen

Fleirtalskoalisjonen fekk torsdag også det naudsynte fleirtalet 18-17 for å hindra opposisjonen i å få fleirtal i det nye kontrollutvalet i Kvinnherad. Før debatten om dette gjorde Arne Presthus (H) framlegg om at det blir sett ned eit tverrpolitisk utval som skal arbeida for gjenoppretting av tilliten mellom folk og folkevalde i Kvinnherad.

Presthus viste blant anna til reaksjonane på forhandlingane om posisjonar i kvinnheradpolitikken etter valet 13.september. Framlegget blei oversendt administrasjonen.