Nattleg måneskin, havmørke og skumring vil heller ikkje kommande sesong vere til hinder for å skyte hjort.

For ei regelendring vil ikkje komme før tidlegast jaktsesongen 2012, i følgje Direktoratet for Naturforvaltning (DN).

Det er altså endringar på gang i dei sterkt omdiskuterte reglane rundt såkalla skumringsjakt, der blant andre politiet ved Økokrim har bede om ei innstramming.

Arbeidsgruppa som skal revidere regelverket for skumringsjakt vart etablert våren 2009 med representasjon frå Norges skogeigarforbund, NJFF, Norsk Kennel Klub, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Statens Naturoppsyn og DN.

Utbreidd jaktform

Konklusjonane deira blir sett fram til med stor spenning, sidan skumringsjakta er ein svært utbreidd jaktform på Vestlandet. I dag blir rundt kvar tredje hjort felt under denne typen jakt, heiter det i ei pressemelding frå Norsk Hjortesenter på Svanøy.

Dei som ønskjer seg ei oppmjuking av regelverket rundt bruk av kunstig lys til ettersøk av påskote vilt, må vente endå lenger enn til 2012, i følgje pressemeldinga frå hjortesenteret. Her må Miljødepartementet fremje framlegg om lovendring, som deretter må vedtakast i Stortinget.

JAKT: Det er ingenting i veien for å jakte midt på natten om du liker det best. FOTO: Svend Arne Vee
Privat