Statens Vegvesen har gjeve kontrakta på ferjedrifta av E39-sambandet Lavik–Oppedal og tre mindre samband i ytre Sogn og Fjordane til trafikkselskapet Fjord1 Fylkesbaatane. Kontrakten gjeld fram til 2015 for E39-sambandet.

I ei pressemelding opplyser Statens Vegvesen at Fjord1 ikkje vann med det billegaste anbodet. Det billegaste vart avvist fordi dette inneheldt ei ferje som ikkje hadde kapasitet etter krava.

Vegvesenet vil ikkje opplyse kva for to andre selskap som konkurrerte med Fjord1.

Billegaste anbod var 358 millionar kroner. Fjord1 vann anbodet med sitt bod på 376 millionar kroner. Høgste prisen hadde eit selskap som ville ta drifta for 617 millionar kroner.

Forutan E39-sambandet er det snakk om Solund-sambandet Rysjedalsvika–Rutledal–Krakhella (fram til 2018), Daløy–Haldorsneset ytst i Solund (fram til 2018) og sambandet Askvoll–Gjervik–Fure–Værlandet (fram til 2015).

Fjord1 Fylkesbaatane skal fortsatt ha ferjedrifta mellom Lavik og Oppedal. Her er selskapets gassferje M/F «Bergensfjord».
BERGENS TIDENDE