Det er snakk om Eiriksdalen/Lånefjord kraftverk i Høyanger og Balestrand kommunar. Utbygginga er ferdig klarert i alle faglege instansar, men den endelege konsesjonsbehandlinga i statsråd let vente på seg.

– Hol i hovudet

I Høyanger kommune er miljøvernleiar Svein Arne Forfod fortørna, og fryktar uthalinga får store negative konsekvensar.

– Det er aldeles hol i hovudet at ein minister i dagens regjering skal trenere denne saka. Dei har jo faktisk lova å skape ny aktivitet i bygg— og anleggsbransjen, seier Forfod. – Det er oppsiktsvekkjande at dei ikkje for lengst har godkjent eit miljøprosjekt som dette, og som vil sikre sysselsetjing i ein utsett bransje.

Statkraft søkte om konsesjonen i 2005, departementet var på sluttsynfaring på staden i fjor haust og all fagleg handsaming har vore klar lenge. Utbygginga blir karakterisert som eit miljøprosjekt, der det skal hentast meir elektrisk kraft ut av eksisterande regulerte vassdrag. Det ikkje er snakk om å byggje nye demningar eller vassmagasin, men å utnytte vatnet betre.

Planen er å byggje nye tilførsletunnelar og nytt kraftverk som kan ta unna større flaumtoppar enn dagens anlegg. Energivinsten er på rundt 100 GWh.

Mange purringar

– Alle faginstansar var ferdige med sine vurderingar tidleg i vår. Det er berre for statsråd Terje Riis-Johansen å godkjenne konsesjonen, så er vi i gang, seier Forfod, som fortel at kommunen så langt har purra på avgjerda seks gonger.

I Stortinget stilte Høgre-representant Øyvind Halleraker spørsmål om saka den 3. juni, og vart den gongen lova ei snarleg avklaring.

– Vi har ei rekke prosjekt som er avhengige av denne avgjerda. Alt dette blir no forseinka og langt dyrare, seier Forfod. – Går det lenger tid no, vil ikkje anbydarane kunne synfare området i år. Og seinare i vinter ligg det tre meter snø, og vi kan ikkje starte anbodsarbeidet før i juni-juli neste år.

Forfod meiner årsaka til tidsbruken er at det er to ulike alternativ for plassering av kraftstasjonen. Det eine er der den eksisterande kraftstasjonen ligg i Høyanger, det andre i Lånefjorden i Balestrand kommune.

Høyanger mot Balestrand

For kommunane handlar det om skatteinntekter på rundt ti millionar kroner årleg.

Alle faginstansane som har uttala seg, blant anna Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE), Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Fylkesmannen har gått inn for Høyanger-alternativet. På den andre sida har fleirtalet i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane, med Senterpartiet i spissen, stemt for Balestrand-alternativet.

Og i Olje- og energidepartementet stadfestar statssekretær Liv Monica Stubholt at det er valet mellom dei to alternative plasseringane som har tatt så lang tid.

– Det har vore sterke synspunkt for begge desse alternativa, og vi har ønska å gjere ein god jobb og behandle denne saka grundig, seier ho – Vi har vore opptekne av å lytte til partane og vurdere saka.

Også overfor Bergens Tidende seier statssekretæren at det no vil kome ei rask avgjerd.

– Den er like rundt hjørnet, seier Stubholt. – Dette er jo ei viktig sak også i høve situasjonen innan anleggsnæringa, derfor er eg glad for at vi får ei rask avgjerd.

BRUKAR LANG TID: Miljøvernleiar Svein Arne Forfod i Høyanger peikar på at regjeringa har lova å stimulere til ny aktivitet i bygg- og anleggsnæringa, samtidig som dei ikkje klarer å godkjenne eit gryteklart prosjektet som vil gje 160 sikre arbeidsplassar i fire år.
H?vik, Tor