— Det er den nye ferjekaien som er årsak til at prisen går ned. Kaien stikk så langt ut at distansen Halhjem-Sandvikvåg akkurat kjem under lengda for dagens takstsone, som er 23. Gassferjene kjem altså i takstsone 22, opplyser stabsdirektør i Fjord 1, Hallgeir Kleppe.

1. konsulent Bjørg Hestdal i Statens vegvesen stadfester overfor BT at det har seg slik.

— At ferjestrekninga låg på grensa mellom to soner, og kunne verta justert ned, var ein del av anbodsgrunnlaget for konkurransen om konsesjonen på strekninga, seier Bjørg Hestdal.

Fjord 1 tek over trafikken på Halhjem-Sandvikvåg frå 1. januar 2007. Hausten 2004 fekk dei konsesjon for 10 år etter konkurranse med HSD, som har strekninga i dag.

No betyr kanskje ikkje overgangen frå takstsone 23 til 22 all verda for dei reisande. Dagens pris for ein bil, 170 kroner, går ned til 165 kroner, medrekna bompengar.

Samstundes aukar farten, slik at turen tek 37 minuttar, i staden for 55, som no.

Har kontroll

Den fyrste av dei i alt fem gassferjer, «Bergensfjord», ligg no til utrusting ved Aker Yards sitt verft på Søviknes, i Haram kommune utanfor Ålesund. Arbeidet med dei fem vert fordelt mellom Søviknes og verftet i Brattvåg, eit par mil unna. Hit kjem ferjene som ferdig sveiste, men helt tomme skrog frå eit verft i Tulcea i Romania. Også det høyrer til Aker Yards.

Verftsdirektør Magne Olav Bakken opplyser at «Bergensfjord» kom til Søviknes for ca. ein månad sidan. Den neste, «Fanafjord» er no under slep og passerte gjennom Gibraltar for få dagar sidan.

— Er det ikkje knapp tid att no, med fem ferger som skal vera klare til trafikk om fem og ein halv månad?

— Vi reknar med å ha kontroll. Utrusting av bilferjene er nokså enkle oppgåver samanlikna med mange andre typar farty, seier Bakken.

Dobbelt så mange

Men no er ikkje dette «vanlege» bilferjer. Alle dei fem er 129 meter lange. Det er over 40 meter lengre enn t.d. «Ullensvang», som også ruvar i landskapet når ho ligg ved kai på Halhjem. 212 personbilar får plass på dei to dekka. Det er nøyaktig dobbelt så mykje som «Ullensvang» har plass til.

— Om vi stuar godt, kan vi greia 240 bilar på ei ferje. Men no ordnar vi det med enkel oppstilling i køyrefelt som er markerte med gule striper. Då skal vi greia både å tømme ferja og fylla ho opp att på den normale liggjetida, som vert 10-12 minuttar, seier Hallgeir Kleppe.

Ein av dei som gler seg mest til 1. januar 2007 er Ragnar Remme. Nordfjordingen, 52 år gammal, er alt tilsett som den fyrste skipperen på «Bergensfjord». Remme fortel til BT at han alt har vore og sett seg om i dei tronge innseglingane til Halhjem og Sandvikvåg.

— Eg må konsentrera meg godt på dei fyrste turane, så vert det ein vane, seier han.