Ifølgje forklaringa hans besøkte han Hedda fem-seks gonger på hybelen i tida før drapskvelden, der dei skal ha hatt seksuelt samkvem ved flere av desse høva. Nokon fortalde det

— Men eg merka at nokon som kjente meg hadde fortalt Hedda at eg var ein gift mann, sa Hashin i retten.

Tiltalte forklarte at drapet skjedde i sjalusi, etter at Hedda skal ha forsvunne med to gutar like før dei gjekk inn på hybelen hennar drapsnatta.

Ifølgje Hashins forklaring trudde han at ho hadde hatt sex med desse gutane, og han tok av henne buksene for å undersøke om dette var tilfelle.

Fann aldri gutane

— Eg var ikkje nøgd med svara eg fekk frå henne, sa han, og hevda at Hedda ikkje gjorde motstand.

Statsadvokat Bjørn Soknes opplyste i retten at politiet har gjort mange forsøk på å finne dei to gutane tiltalte hevdar at dei møtte, men utan å lukkast.

— Vi klarte aldri å finne desse to ungdommane, sa Soknes.

<b>I RETTEN:</b> Rettssaka etter Sogndal-drapet starta i Sogn tingrett mandag. Fra venstre: politiadvokat Knut Broberg, aktor Bjørn Kristian Soknes og forsvarar John Knapstad.
Øystein Torheim
PRIVAT