I helga vart det andre kretscupstemnet i karate arrangert i Laksevåghallen. Det kom utøvarar frå Nordhordland til Haugesund i sør. Desse stemna er for alle stilartar innan karate og Os Karateklubb forsynte seg rikeleg av medaljefatet også denne gongen.

Etter eit godt gjennomført junior-NM, hadde alle utøvarane frå Os fått klare, avgrensa arbeidsoppgåver av hovudtrenar i klubben. Dette viste seg å gje gode resultat resultat både i form av poeng og medaljar. Denne gongen var altså ikkje medaljane det viktigaste, men at kvar enkelt utøvar blir betre på eitt avgrensa område.

Full poengtavle

Henrik Reed-Larsen hadde fått beskjed om å gå kombinasjonar og ikkje bry seg om dei poenga som eventuelt måtte koma imot. Dette gjekk svært bra i klassen hans, 14-15 år, og det viste seg at hans side av poengtavla var bortimot full etter kvar kamp. Det unge talentet fekk gullmedalje i kamp, og var storfornøgd etter stemnet.

Åsmund Slettevold stilte i 12 – 13 årsklassen og tapte knepent den første kampen, der det meste var uavgjort. Han tok seg godt inn igjen og hadde knallhardt fokus på oppgåva si, nemleg å sparka motstandaren i hovudet med fotsålen. Dette er eit ”C-moment”, og svært vanskeleg. Eit slikt spark gjer maks poengsum, og det var fleire slike spark i kvar av dei neste kampane. Det vart ikkje fleire tap, og dermed bronse i kamp. I kata vart det seier. Ingen kunne måla seg med Åsmund, og han gjekk ein svært bra svartbeltekata i finalen.

Kjempet med feber

Bjarte Storum og og Erlend Slettevold løyste sine oppgåver svært bra, og fekk henholdsvis sølv og bronse i kamp. Erlend traff på Noregsmeisteren i 16 – 17 årsklassen i første kamp. Trass i feber, leia Erlend lenge og fekk løyst oppgåva si bra, ved å ha fokus på å fella motstandaren og slå han i kroppen etterpå. Dette er også eit ”C-moment” og ikkje heilt ufarleg.

Det vart hårfint tap i denne kampen, men akkurat som broren, feidde han bokstaveleg tala all motstand av vegen i dei neste kampane. Alle motstandarane måtte i bakken fleire gongar og hadde ingenting å stilla opp med. Det vart dermed bronse i kamp på Erlend.

Helhjertet

Bjarte var vel den som hadde finast teknikkar av alle – oppgåva var å gå heilhjerta langt inn med kvar enkelt teknikk.Dette gjekk svært bra, og dommarane la godt merke til dei skarpe, gode teknikkane. Han vart frarådd å delta i finalen grunna nokre hovne fingrar, men han var likevel godt nøgd med sølvet.

Cato Bruarøy var svært godt nøgd med måten utøvarane løyste oppgåvene sine. Teke i betraktning at dei denne gongen ikkje hadde erfaren coach til å hjelpa seg undervegs, er dette over all forventning, seier hovudtrenaren. No er det eitt slikt stemne til på vårparten, og så er det høgdepunktet, nemleg Vestlandmesterskapet. Det gler me oss til.

Henrik Reed-Larsen fra treningssamling i Oshallen i 2006. Foto: Jan Petter Svendal