Lensmannskontoret i Førde fekk tysdag meldingar frå svensk politi som tyder på at den sakna er funnen i Stockholms-området.

— Svensk politi opplyser til oss at dei har funne ei kvinne som dei meiner er den ettersøkte. Dette får vi ikkje stadfesta 100 prosent sikkert før tidlegast i morgon. Men så langt tyder opplysningane vi har fått på at det er snakk om rett person, seier lensmann Jan Egil Tvinde til bt.no.

Uskadd

Personen som er funnen skal vere fysisk uskadd og i god behold.

— Kvifor har det teke så lang tid å spore opp denne kvinna?

— Det har vore problematisk fordi ho ikkje har hatt noko kjend adresse, eller har lagt att elektroniske spor som kan koplast mot henne. Ut over dette kjenner eg ikkje detaljane rundt korleis ho vart funnen, seier Tvinde.

Det var måndag 24. januar ektemannen (42) troppa opp på lensmannskontoret i Førde og melde kona (33) sakna. Nokre dagar seinare sikta politiet han for falsk forklaring, og fekk medhald i varetektsfengsling i Fjordane tingrett. Men Gulating lagmannsrett oppheva domsavgjerda og Høgsterett stadfesta avgjerda. Etter fem dagar på glattcelle slapp 42-åringen fri.

Kvinna kom til landet på familiegjenforeining tidleg i desember. Dei to gifte seg i sitt felles heimland i 2008. Då ektemannen melde kona sakna, hadde det gått nesten tre veker sidan han sist såg henne.

Endra forklaring

Ektemannen gav ulike forklaringar på omstenda kona forsvann under. Først skal han ha forklart at han reiste utan kona frå Førde til Bergen, og at ho var borte då han kom tilbake. Men etter at politiet konfronterte han med at det under etterforskinga kom fram opplysningar om at dette ikkje kunne stemme, endra han forklaring.

Den siste forklaringa gjekk ut på at han og kona kjørte saman til Oslo, og at ho steig av ved Oslo Sentralstasjon. Dette skal ha vore den 4. eller 5. januar.

Siste aktiviteten på saknas mobiltelefon blei registrert på ein basestasjon i Stockholm torsdag 6. januar. Dette har gjort at politiet har konsentrert leitinga om Sverige.