OVE A. OLDERKJÆRStord

Det slår Kripos fast etter laboratorieundersøkingar blant anna ved Universitetet i Oslo.

Verken på kniven eller i slira blei det funne fingeravtrykk eller biologiske spor, opplyser Stord-lensmann Reidar Færestrand til Bergens Tidende.

Ein Stord-mann fann i vår kampkniven stukken inn i ein mur ved Hamnegata på Leirvik. Finnaren kopla kniven straks til Årvik-saka frå 1.mai 1993. Lensmannen og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt sende kniven vidare til Kripos for undersøkingar.

Kniven blei funnen ved traséen der 24 år gamle Tore Årvik gjekk utover mot moloen då han forsvann natt til 1.mai 1993. Ein 26-åring som var tiltalt i saka, vedgjekk at han var i basketak med Årvik på moloen, og at 24-åringen hamna i sjøen.

26-åringen var tiltalt for å ha etterlate Tore Årvik i hjelpelaus tilstand i sjøen, men blei blankt frifunnen av Sunnhordland heradsrett.

Trass massive søk i sjøen, blei Årvik aldri funnen.

— I tida etter forsvinninga kom det inn fleire tips i saka, men vi fekk ingen informasjonar som gjorde at vi sette i gong massive undersøkingar. Knivfunnet i vår er heller ikkje eigna til vidare undersøkingar i saka, seier lensmann Reidar Færestrand.