Voss spelte ein god 1. omgang, og kunne fortent gå av banen med 1-0 etter scoring av venstreback Gaute Hauge.

Etter pausen viste Varegg sin superveteran Roar Fredriksen (eks. Sogndal og Brann) korleis det skal lagast mål på direkte frispark.

Utlikninga vitaliserte gjestene, og dei hadde ei rekke glimrande angrep, som lett kunne gitt mål. I staden lykkast «dagens vossing», Eirik Een, i den andre enden av banen. Til sist sette Tonny Tysnes spikaren i kista ved å utnytta ukonsentrert forsvarsspel hjå gjestene.

Arne Hofseth