VIDAR YSTAD

Oslo

Det inneber at forsvarsminister Kristin Krohn Devold ikkje får høve til å «styre» svara frå dei militære etatsjefane når dei 21. februar møter til den opne kontrollhøyringa i Kontrollkomiteen på Stortinget.

— Kontrollkomiteen konkluderte i går med at desse tre sjefane er å rekne som leiarar i den ytre etat. Difor får ikkje forsvarsministeren høve til å bestemme kven som skal svare på kva og langt mindre bestemme kva dei skal svare, opplyser leiaren i Kontrollkomiteen, Ågot Valle (SV) til Bergens Tidende.

Vanlegvis er det slik at ein statsråd som møter til kontrollhøyring har med seg dei statsråden ynskjer som medhjelparar frå eigen etat og at alle spørsmål og svar går gjennom statsråden.

Til høyringa 21. februar skal statsråden først i elden for innlegg og spørje-runde. Deretter blir alle dei Kontrollkomiteen ynskjer å høyre, utspurd ein etter ein. Statsråden får så høve til å oververe og høyre svara, før statsråden får høve til å kommentere svara etter at alle har forklart seg ferdig.

Utanom dei to generalane og direktøren i FLO, blir dei tilltitsvalde i dei fem fagforeiningane i Forsvaret innkalla til høyringa. Det er Befalets Fellesorganisasjon, Norges Offisersforbund, Krigsskoleutdannete offiserers landsforening, Norsk Tjenestemannslag og Fellesforbundet.

— Søkelyset har vore retta mot manglande økonomistyring i Forsvaret gjennom fleire år. Forholda er påtala av Riksrevisjonen gjennom dei siste åra. Statsråden har sagt at det er rydda opp og at alt er under kontroll. Vi må klarlegge kvifor dette ikkje stemmer, kva som er gjort for å skaffe kontroll, kva tiltak som er sett i verk. Vi må få avdekka kvifor milliardsprekken tilsynelatande kom totalt overraskande på alle, nå i januar, seier Ågot Valle.