Dei ville heller at ein privat aktør hadde fått oppdraget.

— Eg er misnøgd med måten dette har vorte gjort på, seier Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap), som dermed går imot si eiga regjering.

Fem år etter at Stortinget vedtok det, har justisdepartementet endeleg bestemt at det skal koma base for redningshelikopter i Florø.

Fryktar nedprioritering

Frøyen Steindal får støtte frå opposisjonspolitikar Rune Magnar Bortne, gruppeleiar for Høgre i Flora kommune.

— Når staten skal betale for dette gjennom Forsvaret er eg redd for at det blir ein krig kvar haust om kven som skal få pengane. Då må ein prioritere redningshelikopter opp mot nye fregattar og jagarfly, seier Bortne.

Det er ei problemstilling statssekretær i justisdepartementet Terje Moland Pedersen avviser.

— Vi øyremerkar pengar til drift av denne helikopterbasen, og det kjem ikkje til å bli nedprioritert på grunn av andre omsyn. Redningshelikoptera vert ei teneste justisdepartementet kjøper av forsvaret, seier Pedersen.

Krev kanskje erstatning

Tre private aktørar stod klare for å konkurrere om å drive helikopterbasen i Florø som blir viktig for tryggleiken langs norskekysten og mellom fjell og fjordar. Dei må no innsjå at pengar og ressursar som er blitt brukt på å førebu helikopterbasen, er fåfengt.

— Vi har drive på med dette i tre år no, og det er merkeleg sakshandsaming at departementet plutseleg bestemmer seg for å gi oppdraget til Forsvaret, seier Bjarne Slapgard, sjef i Gaular-baserte Airlift, som mellom anna driv redningshelikopterteneste på Svalbard.

Han ser ikkje bort frå at Airlift og dei to andre selskapa som skulle konkurrera om å få driva basen no vil krevja erstatning frå Justisdepartementet.

Går glipp av arbeidsplassar

Ei bekymring både Slapgard og lokalpolitikarane deler er at tenesta Forsvaret kjem til å levere ikkje vil vere av same kvalitet som den eit privat selskap ville ha stilt opp med.

— Vi har ingen garanti for at Forsvaret vil kjøpe inn nye helikopter slik som dei private aktørane hadde krav på seg om å gjere. Dessutan vil ikkje Forsvaret by på ein fullverdig base frå dag ein, slik som ein privat aktør ville ha gjort, seier Bortne.

Ordførar Frøyen Steindal medgir at det også handlar om arbeidsplassar.

— Dersom private fekk basen hadde det blitt 25-30 arbeidsplassar i Florø. No blir det sannsynlegvis færre arbeidsplassar her, til dømes vedlikehald vil kome til å bli utført andre stader, seier ho.

Statssekretær Moland Pedersen meiner ein heller burde gle seg over at Florø no får ein base for redningshelikopter.