Vindmøller kan øydeleggje for Forsvaret sitt utstyr, og Forsvaret kjem no med store innvendingar mot åtte vindmølleprosjekt som er ute på høyring. To av desse er i Sogn og Fjordane: Hoddevikfjellet på Stadlandet og Bremangerfjellet.

Mest omstridde

Stad-planane er mellom dei mest omstridde i landet. Vindmølleparken, som dersom han blir bygd, vil bli eit av dei største vindkraftverka i landet, har møtt stor motstand frå organisasjonar og fagmiljø som arbeider med natur— og kulturminnevern. Mellom dei som har sagt at miljøkonsekvensane av Stad-anlegget er så store at dei må stoppast, er Direktoratet for Naturforvaltning og Riksantikvaren.

Utspelet frå Forsvaret om at det ikkje bør byggjast eit slik kraftverk på Stad-platået, kan vere tua som velter lasset. Norges Vassdrags- og Energidirektorat vedgår at det er tunge innvendingar Forsvaret no har komme med.

Innvendingar mot nye åtte

I tillegg til dei åtte konsesjonssøkte vindkraftverka Forsvaret meiner ikkje kan gjennomførast, har dei også innvendingar mot åtte andre. Samla utgjer dei 16 vindmølleparkane over halvparten av ein forventa produksjon på omtrent 5,4 milliarder kilowattimer (TWh) som NVE har eller har hatt til behandling.

Stortinget har sett som mål at Norge årleg skal produsere tre TWh frå vindkraftverk innan 2010. NVE reknar det no som urealistisk at alle dei eksisterande utbyggingsplanane blir gjennomført. For å nå måla Stortinget har sett, må det planleggast nye prosjekt med til saman fleire hundre vindmøller.

INNVENDINGAR: Forsvaret kjem no med store innvendingar mot åtte vindmølleprosjekt som er ute på høyring.
FOTO: ØYSTEIN TORHEIM