Forsvaret meiner at i alt 8 av 23 planlagte vindkraftverk i Norge kan gje så store vanskar for deira radaranlegg at dei må stoppast.

Ytterlegare åtte vindmølleprosjekt må justerast før dei er akseptable for Forsvaret.

Stad-planane har møtt stor motstand både frå organisasjonar og fagmiljø som arbeider med natur— og kulturminnevern. Utspelet frå Forsvaret om at det ikkje kan byggjast eit slik kraftverk på Stad-platået, kan vere tua som velter lasset. Dersom vindmølleparken på Stadlandet blir bygt, vil anlegget bli eit av dei største vindkraftverka i landet.