— Lite tyder på at Forsvaret er å klandra. Det var rett og slett eit hendeleg uhell under øving, ei arbeidsulukke, seier lensmannen i Åmot kommune i Hedmark, Per Ravnkleven, til Bergens Tidende.

Lensmannskontoret har avslutta politietterforskninga, og overlet til juristen i Hedmark politidistrikt å ta den endelege avgjerda om saka skal straffeforfølgjast. I tillegg er ein undersøkingskommisjon i Forsvaret i gong med sitt arbeid. Konklusjonane der er ikkje klare.

Slo ut styring

Uhellet skjedde med ei panservogn av typen 9030 der dragon Vegar Steinsland (19) sat i ei av lukene då troppen øvde på Rødsmoen øvings- og skytefelt. I skumringa torsdag 20.mars rykkte vogna framover i skogen. Brått støytte kanonløpet borti eit furutre og blei slege rundt på panservogna.

Ei elektrisk motorstyring skal ifølgje lensmann Ravnkleven stoppa kanontårnet slik at løpet ikkje går lenger bak enn 90 grader rett ut til sidene. Her var samanstøyten så sterk at elektrostyringa blei slegen ut, og kanonløpet svinga heilt bak. Bak på venstre side sat maskingeværskyttar Steinsland i luka for å dekkja venstre flanke.

Altfor seint blei han klar over at kanonløpet blei slege rundt på grunn av samanstøyten med treet. 19-åringen døydde på staden av hovudskadene han fekk.

Ein medsoldat som sat i ei luke bak på panservogna var via hovudtelefon tilkopla internkommunikasjonen, og fekk eit varsel om kva som skjedde med kanonløpet idet han høyrte ein stressa vognkommandør ropa «Meir til høgre! Meir til høgre!»

Dermed greidde denne soldaten å sleppa seg ned i stridsluka. Men kanonløpet kom så fort at også denne soldaten blei dels treft. Han fekk skrubbsår og fem tenner utslegne, opplyser Åmot-lensmann Ravnkleven.

- Snur kvar stein

— Denne episoden kjem vi til å leva med i årevis framover. Vi vil snu kvar stein for å hindra at slikt skjer på ny, og avventar inntil vidare konklusjonane frå undersøkingskommisjonen, seier Robert Mood, sjef for Kampvåpenets utdannings- og kompetansesenter, som Vegar Steinslands kavaleritropp tilhøyrte.

— Internt har vi ei open bevisstgjering på det som skjedde for at det ikkje skal skje igjen. Og eg håpar at vi har fått til å støtta den omkomne sin familie og kameratar i sorgprosessen, seier Mood.