EYSTEIN RØSSUM

Den sikta sogndølen sit varetektsfengsla, skulda for heleri i millionklassen. Mannen vart arrestert i Bergen i slutten av februar, og politiet fann hifi— og datautstyr verd fleire hundre tusen kroner heime hos han. Dei har også tatt beslag i ein luksus-BMW verd 700.000-800.000 kroner. Politiet meiner det handlar om tjuvegods som er kjøpt med pengar frå narkohandel.

Mannen er underlagt brev- og besøkskontroll, og får ikkje lov til å snakke med andre enn forsvararen utan at det er politifolk til stades.

Sat på advokatkontoret

8. mars i år oppdaga ein betjent i Vik Fengsel ved eit reint tilfelle at den sikta, som er i 30-åra, snakka med sambuaren sin på telefonen. Ho sat då på kontoret til forsvararen, advokat Louis Anda jr. Det var forsvararen som skulle føre samtalen, men advokaten let også klientens sambuar sleppe til - stikk i strid med restriksjonane som var pålagt.

Politiet reagerte kraftig på regelbrotet, og forlangte at Anda jr. måtte fjernast som forsvarar frå saka.

I går gav Gulating lagmannsrett dei medhald i dette. Det er svært sjeldan at advokatar blir tatt for å ha brote brev- og besøkskontrollen, og at ein domstol nektar dei å halde fram som forsvarar.

Var viktig vitne

Politiet reagerte ekstra kraftig fordi sambuaren vart rekna som eit sentralt vitne. Kvinna nekta først å forklare seg etter at sambuaren vart fengsla. To timar etter at ho hadde prata uforstyrra med mannen, sa ho seg likevel villig til å snakke med politiet. I og med at politiet ikkje veit sikkert kva som vart sagt, kan dei heller ikkje vite om etterforskinga vart skadelidande av samtalen.

Dei har varsla at dei vil etterforske Anda jr. for brot på straffelova.

Lagmannsretten meiner det ikkje er tilrådeleg at Anda jr. held fram som forsvarar, i og med at han ikkje har vore lojal mot reglane i lova.

Snakka om nøklar

Advokat Louis Anda jr. er for tida i Italia, og seier på telefonen til BT at han tek avgjerda til etterretning.

— Eg kan i ettertid vere samd i at dette ikkje skulle skjedd. Eg er ikkje samd i avgjerda frå lagmannsretten, men er mest oppteken av at klienten min får ro rundt advokathjelpa, seier Anda.

Ifølgje Anda og den sikta sin sambuar vart det i telefonsamtalen berre snakka om praktiske spørsmål og om eit par nøklar som var på avvegar.

Politiadvokat Terje Gjertsen er godt nøgd med å ha fått medhald i lagmannsretten.

— Eg har aldri vore borti tilsvarande saker tidlegare, seier Gjertsen.

Han seier etterforskinga er svært omfattande og komplisert. Politiet har fått medhald i å halde mannen bak murane fram til 7. april. Då er det gått seks veker sidan første fengslinga.