Kvar tysdag ettermiddag har frivillige ««lærararr frå Stord Røde Kors stilt som leksehjelp i Turnhallen på Leirvik. Så langt har tilbodet blitt svært lite brukt.

– Oppmøtet har ikkje vore det beste, ofte har det berre vore ein elev her, seier prosjektleiar Berit Kanutte Haugland. Røde Kors har fått midlar av fylkeskommunen til prosjektet, som også blir arrangert i Bergen og Askøy. Tilbodet gjeld alle elevar ved vidaregåande, og i ferien blir det arrangert sommarkurs i Bergensområdet for elevar som må ta eksamen opp att.

Les fleire saker frå Sunnhordland her

Vil gje eksamenshjelp – Det er eit kjempegodt tilbod. Før jul mangla me realfagskompetanse, men no har me både realfag— og språkkompetanse, seier Haugland. Etterforskingsleiar ved Stord lensmannskontor og Røde Kors-medlem Egil Espeland er ein av fire som brukar tysdagane til å stilla som leksehjelp.

Elevrådsleiar ved Stord vidaregåande skule, Njål Holsvik, fortel at elevane ved skulen fekk informasjon om tilbodet i haust. Kvifor leksehjelpa har blitt så lite brukt, er han usikker på.

– Det er nok mange som har bruk for leksehjelp, så me bør kanskje gje ei påminning om tilbodet, seier elevrådsleiaren.