— Han har det ikkje bra. Han har ikkje hatt nokon å snakke med, sa den 22 år gamle kjærasten etter det kortet møtet.

Den sikta 26-åringen vart ført inn i Halmstad Tingrett like før klokka 15 i går, iført blå treningsbukse frå fengselet, lys blå t-skjorte og ei raud jakke trekt over hovudet, til vern mot blitslampene. Tre væpna politifolk eskorterte han.

Eit kort «hei» i døra var alt kjærasten fekk sagt før 26-åringen vart ført frå politibilen og inn i rettsbygningen, fastlenka til eine politimannen med handjern. Eit kort vink og eit «glad i deg» frå under jakka var alt ho fekk før rettsmøtet starta.

Roleg og fatta

Den 115 kg tunge og grovbygde 26-åringen har drive aktivt med kroppsbygging, og har tidlegare arbeidd som dørvakt i tillegg til jobben som stillasarbeidar.

I dei få minutta før dørene vart stengde og pressa sendt på gangen, framsto han som roleg og fatta, med glattbarbert hovud og ein kraftig tatovert høgrearm,.

— Det einaste eg kan seie er at min klient fortsatt nektar for alt, og at han ikkje har nokon kjennskap til det han blir skulda for, sa forsvararen, Göran Ruthberg, etterpå.

Letta etter møtet

Medan dommaren vurderte materialet som statsadvokaten hadde lagt fram, fekk den sikta lov til å møte kjærasten i nokre få minutt inne på eit lite rom utanfor rettssalen. Det skjedde under oppsyn av to væpna politifolk.

— Vi fekk ikkje lov til å snakke om noko som hadde med saka å gjere. Vi snakka berre om oss, sa den 22 år gamle kjærasten etterpå, tydeleg letta over å få treffe att kjærasten og faren til den eitt år gamle dottera i Bergen.

Medan den sikta vart ført attende til fengselet, reiste 22-åringen heim til Bergen frå Kastrup i går kveld.