For nokon handlar dagen om homofile sine rettar. For andre er 1. mai kvinnedagen. Nokon er mest opptekne av tamilane sin rett til sjølvstende. Sosialistar, kommunistar, anarkistar – og Framstegspartiets Ungdom møttest i eit herleg kaos på Torgallmenningen i Bergen i dag.

1. mai er dagen for å seie akkurat kva som er gale med verda.

— For meg er kampen mot EU det viktigaste. EU er eit udemokratisk system som styrer mot folkets vilje, meiner Wily Oldeide.

Mathias Furevik og Vidar Kalsås ville vise solidaritet med frigjeringsrørsler i andre delar av verda.

— LO-toget er så tafatt at vi valde å gå i eit anna tog. 1. mai og fordelingskampen er ikkje død, men det blir feil å fokusere på nordmenn sine kår, meiner dei.

SV-politikar Knut Johan Larsen brukte dagen til å ønskje utanriksminister Jonas Gahr-Støre «God betring!».

— Situasjonen i Midtøsten er viktigare enn norske arbeidsvilkår, meiner Larsen som oppfordra folk til å boikotte Israel.

Men innimellom plakatar med «Ikkje angrip Iran» og påstander om at «skatt er tjuveri» fantest det også folk som kjempar for fagforeininga. Dei er sinte. Og streikeklare. Og i år var dei mange fleire enn til vanleg.

Så mange kom det til lunchen at Fellesforbundet måtte avvise folk ved bordet på grunn av plassmangel.

— Folk har begynt å interessere seg for fagrørsla, og det er ikkje lenger keisamt å gå på møter, seier Jørn Eggum i Felles-forbundet.