I halv sju-tida i dag tidleg drog Haukås opp den første laksen frå Lærdalselvi i Sogn og Fjordane etter at elva har vore stengt for fiske sidan 1996.

— Ei fantastisk oppleving. Eg såg han tok flua. Laksen kom som ei kule, fortel ein nøgd laksefiskar.

Haukås som kjem frå Kaupanger, har leigd ei hytte på Bjørkum gard, slik han har lange tradisjonar for å gjere. Sidan han var liten gut har Haukås kome til Lærdal kvart år for å fiske. Heilt til elva for 17 år sidan vart smitta av lakseparasitt. Sidan har Lærdalselvi vore stengt for fiske.

No er elva friskmeld, og ved midnatt fredag opna laksefisket att. Haukås var ute med stonga i sekstida. Etter ein halvtime på elvebreidda fekk han den historiske hannfisken på kroken.

Bjørkum ligg halvannan mil oppe i elva.

— Lærdalslaksen er så spretten og sprek at han tek seg opp hit på berre nokre dagar, seier Haukås.

Den historiske fisken vart straks sløya og levert til vertinna på garden. I kveld står det fersk laks på menyen.

— Karin Bjørkum er ein tryllekunstnar på kjøkenet, så det blir eit festmåltid, seier Haukås til Bergens Tidende.

Rolf Bjørum, som har oversikt over fangsten, seier til NRK Sogn og Fjordane at det også er blitt fanga ein ho-laks på 8,5 kilo. Denne vart tatt lenger nede i elva i Bjørnøyhølen av Fredrik Haug Ringvoll.