MF «Bergensfjord» gjer offisielt sin første tur med bilar og passasjerar om bord natt til måndag, kanskje alt sundag ettermiddag. Det siste klarsignalet frå Sjøfartsdirektoratet fekk Fjord1 laurdag, på bakgrunn av fleire flåtetestar som blei gjennomført sist veke, opplyser viseadministrerande direktør Svein Solheim i Fjord1 til Bergens Tidende.

Ekstraordinære vinterforhold i fjor i Romania, der ferjeskroga er bygde, har gjort at Aker Yards ikkje greidde å levera Fjord1 alle dei fem nye gassferjene i tide til å få dei i drift i sambanda over Bjørnefjorden i Hordaland og Boknafjorden i Rogaland som planlagt 1.januar.

I midten av januar kjem den første gassferja på plass i ruta Arsvågen — Mortevika, då vil Halhjem-Sandvikvåg også få si andre gassferje i drift. Først i midten av februar vil overgangen frå diesel- til gassferjer vera fullført, med tre nye ferjer under Fjord1-flagg på Bjørnefjorden og to på Boknafjorden.

Fjord1 har ein tiårig kontrakt med Statens vegvesen om å operera dei to vestlandssambanda som årleg tek unna i alt rundt 2,5 millionar bilar. Med ein marsjfart på 21 knop kuttar gassferjene turen mellom Sandvikvåg og Halhjem ned til 38 minutt, vel 15 minutt raskare enn dagens dieseldrivne ferjer. Miljøvinsten med fartøybytet er 85-90 prosent redusert NOx-utslepp og 20-25 redusert CO2-utslepp. Som nytt samband i 1964 blei Halhjem-Sandvikvåg operert av ei ferje med plass til 30 bilar, dagens dieselferjer har plass til 150 bilar, medan «Bergensfjord» og dei andre gassferjene kan føra 198 bilar kvar.

BERGENS TIDENDE