— Passasjerar frå Osterøy og Nordhordland er arge fordi alle bussane til byen no køyrer innom kvar krok i staden for å ta strake vegen. Har dei grunn til å hissa seg opp?

— Eg tvilar ikkje på at mange opplever det slik. Vi har fått nokre reaksjonar på det, og eg forstår mange av dei.

- Kva er grunnen til dette?

— Det nye rutemønsteret frå 1. mai var eit resultat av at to busselskap, HSD Buss go Gaia Buss, slo seg saman. Vi måtte ta ei heilskapsvurdering og samordna ressursane våre.

- Kva har de tenkt å gjera for å betra dei rutene som har fått mest kritikk?

— No ventar vi på anbodsrundane som er i kjømda. Det vert då opp til fylkeskommunen å avgjera korleis busstilbodet skal sjå ut. Då skal vi berre køyra dei rutene som fylkeskommunen lagar.

- Vert det ei lette for Tide Buss å sleppa all ruteplanlegging, slik at de berre kan visa misnøgde reisande vidare til fylkeskommunen?

— Tja, kanskje det. Vi må i alle fall berre halda oss til at det i framtida vert delt ansvar. Fylket bestemmer rutene. Busselskapet skal berre køyra.

- Tide Buss tapte store delar av bussrutene i Sunnhordland tidlegare i år. Har de lært noko av nederlaget som kan koma til nytte i førebuinga av nye anbod?

— Vi har gått gjennom den saka og førebur no anbod på rutene i Hardanger, Voss og Modalen. Sjølvsagt likar vi ikkje å tapa på heimebane.

- Men Tide har gjort det sterkt på bortebane i år. Tide Sjø raska med seg det som var av ferjeruter i indre Oslofjorden. Kva med Tide Buss?

— Vi har delteke i anbodsrundar både i Rogaland, i Oslo og på Lillehammer. Men så langt har vi ikkje fått fast fisk.

- Kva kan vi seia så langt om passasjerutviklinga i Bergen etter nesten to månader med 23 kroner over heile lina?

— Ikkje stort meir enn for ca. tre veker sidan. Vi ser ein liten auke. Kanskje vert dette meir markert når haustrutene startar.

- Korleis går det med rekrutteringa av nye sjåførar etter lansering av vervepremie på 15.000 kroner?

— Det er litt tidleg. Tiltaket er heilt nytt. Men mangelen på sjåførar gjer at vi risikerer bortfall av ruter. Og det er ikkje noko særsyn for Bergen. Sjåførmangelen råkar heile landet. Arbeidsmarknaden er svært stram, og det er lett å finna arbeid som er mykje høgare løna enn bussjåfør.

Øyvind Ask