ØRJAN HATTEBERG

— Eit krampeanfall kan vera alvorleg og bør ikkje avvisast på eit legekontor. På generelt grunnlag har alle legar plikt til å hjelpa pasientar i situasjonar som krev øyeblikkeleg hjelp. Dette er uavhengig av om pasienten har ein annan fastlege, fortel Arianson.

Ho synest det er vanskeleg å seia noko om denne konkrete saka, sidan ho berre kjenner saka frå avisa og ikkje har høyrt kva motparten meiner. Arianson stadfestar at pasienten i utgangspunktet skal forventa å bli tatt imot når ein tar kontakt med lege for øyeblikkeleg hjelp.

— Kva rettar har pasientane når fastlegen ikkje er tilgjengeleg?

— Fastlegen skal i utgangspunktet vera tilgjengeleg på dagtid. Dersom han av ulike grunnar ikkje er det, så skal legen ha avtale om at pasienten kan bli tatt imot av ein annan lege.

— Er slike hendingar vanleg i Hordaland?

— Eg kjenner ikkje til mange situasjonar der pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp har blitt avvist. Vi har nok vore borti slike situasjonar før, men det er ikkje mange.

— Kva bør pasientane gjera i ein slik situasjon?

— Pasienten må, og kan, i utgangspunktet forventa å bli vurdert når ein treng øyeblikkeleg hjelp. Det kan nok vera situasjonar der pasienten meiner det er trong for nødhjelp, men at legen ikkje finn det naudsynt. Men då er det ein vurdering legen gjer i den konkrete situasjonen.

Legen kan då til dømes visa til eigen lege neste dag. Alle legar pliktar å yta øyeblikkeleg hjelp i nødsituasjonar, uansett. Det er legen som har ansvar for å vurdera om det er ein slik situasjonen, fortel Arianson. Fylkeslegen har ikkje tatt stilling til om dei skal gjera noko med saka.

Lege Ingrid Sandvoll ved Åsane legekontor fortel at dei vurderte at det var forsvarleg å senda pasienten til sin fastlege. Utover det vil ho ikkje kommentera saka med omsyn til teieplikta.

Ingen ved Rolland legesenter ønskjer å kommentera saka.