• Som å kaste ein snøball inn i helvete. Så vanskeleg seier røynde byjegerar det skal vera å kjøpa seg fellingsløyve til jakt på villrein på Hardangervidda.

Kjell Ove Tveit som administrerer jaktutleiga i Eidfjord Samjaktlag vil ikkje helt gå god for den påstanden.

Samjaktlaget som består av ei rekkje private jaktvald i områda utanfor statsallmenningen i Eidfjord kommune, sel fellingskort til nye jegerar kvart år.

Men på denne tida av året er alle korta for lengst selde. Den som drøymer om å skyta ein reinsbukk i haustjakta, må starta planlegginga midtvinters.

Samjaktlaget har ikkje trunge å driva noko spesiell marknadsføring i aviser eller på internett. Sjølv har Tveit ei lang adresseliste over jegerar som han veit er interessert. Alt ved påsketider i år sende han ut førespurnad om folk ville jakta i eit område på 650.000 denne hausten.

Då gjaldt det om å vera rask med å svara. Tveit og kompaniet sel ut dei attraktive fellingskorta etter regelen om at den som kjem først til mølla, også får mala først. Jegerane kjem både innanlands og utanlands frå. Mange er frå Oslo og Bergen.

Faste prisar

Storvaldet til Eidfjord Samjaktlag disponerer har i år løyve til å fella om lag 200 dyr. Korta er fordelt på om lag 130 jegerar.

Korta vert selde til faste prisar. I år betaler jegerane 2500 kroner for eit bukkekort, og 1500 kroner for fellesløyve for ei simle.

Marknaden er særs stram. Totalt er det berre gjeve fellingsløyve til ca 2500 dyr av ei villreinstamme som på Hardangervidda er rekna til å vera på vel 6000 dyr.

— Fellingskvoten er halvparten så stor som i fjor og fire gonger mindre enn for to år sidan, opplyser Tveit.

Mange av jegerane kjem att år etter år. Jaktinteressa går ofte i arv. Tveit kjenner til utanbygdsjegerar med både far og bestefar som har jakta i jaktområdet som Eidfjord Samjaktlag disponerer.

For ein generasjon eller to sidan var det ikkje berre sporten, men også vona om matauke som drog jegeren til fjells.

No er det for sporten sin del at folk trekkjer i jaktutstyr.

Ikkje troféjakt

Men Tveit understrekar at han tykkjer at matauke bør vera ein del av tanken bak jakta. Såkalla troféjakt, der jegeren berre er interessert i skinn og gevir og let kjøtet liggja att har han ingen sans for. Men han har høyrt at det skal ha vore tilfelle av slik jakt også på Hardangervidda.

— Vi leiger ikkje ut med tanke på troféjakt, understrekar han

Jaktområda på Hardangervidda er elles inndelt i sju statsallmenningar. Der har innbyggjarane frå kommunane rundt Vidda fyrsterett på jakt og fangst.

Sjølv jaktar Tveit vanlegvis i Eidfjord statsallmenning. Berre i dei åra han ikkje har fått tildelt fellingskort i allmenningen, har han nytta seg av den private jaktretten sin.