Får kommunane det som dei vil, blir det bompengar å betala, same kva veg ein vel austover frå Bergen, E16 over Voss, eller riksveg 7 gjennom Hardanger.

Parkert

Sidan våren 2000 har det vore arbeidd iherdig med Vossapakko. Ein tunnel bak Vangen på E16 er slått saman med utbetring av riksveg 13 mellom Voss og Granvin til eitt bompengeprosjekt med ein prislapp på vel 800 millionar kroner. Bomstasjonane skal setjast opp på Voss sine kommunegrenser mot Vaksdal og Granvin. Passerer du begge bommane på under ein time, slepp du å betala for den siste passeringa.

Fordi prosjektet kostar meir enn ein halv milliard kroner, må Vossapakko til ekstern kvalitetssikring, både av kostnadsoverslag og inntektspotensialet. At einskildprosjekta kostar mindre enn 500 millionar kroner, er argument som fall steindaude til jorda.

— Her må det nok kvalitetssikring til, seier Lars Aksnes i Vegdirektoratet.

Fossar fobi

Arbeidet skal gjerast av eit godkjent konsulentfirma, som brukar to-fire månader, og tek rundt ein million kroner for jobben.

— Blir dei ferdige i mai, kan pakken sendast til Samferdsledepartementet i sommar. Kor lenge det tek før saka kjem i Stortinget, kan eg ikkje uttala meg om, seier Aksnes.

Ideen om den noko mindre Kvammapakken er av langt nyare dato. Arbeidet har gått med rakettfart. Alt er klart frå regionen si side, opplyser Per Steffen Myren hjå Regionvegsjefen. Ekstern kvalitetssikring er uaktuelt.

Dersom kapasiteten i departementet tillet det, kan Kvammapakken verta vedteken av Stortinget før sommarferien, medan Vossapakko må venta til hausten.

Ønskje om å få krevja inn bompengar frå anleggsstart, ikkje venta til vegen er ferdig, kan utsetja prosjekta. Stortinget har sagt ja til innkrevjing av førehandsbompengar på ferjer, men er meir skeptiske elles.

Klager til EØS-organ på slike ordningar tek ein framleis med ro.

— Skulle ein dom gjera det turvande å endra praksis, får vi takla den situasjonen når han oppstår, seier Aksnes.