Først i Noreg vart Ída María Valdemarsdottir ikkje. Haukeland Universitetssjukehus måtte vente i godt over ein time på Vestlandets første. Til gjengjeld vart Ída María den første islandske statsborgaren i 2008. To veker før termin, klokka 01.38 trakk ho sitt første pust på Haukeland. Etter islandsk tid, 00.38.

Dermed dankar Ída María lett ut det som i går vart rekna som Islands nyttårsbarn. Ifølgje avisa Morgunblaðið vart den første islandske borgaren i det nye året ei jente fødd i Reykjavik klokka 01.05. Etter norsk tid blir det 02.05. Den bergenske islendingen Ída María slår si islandske søster med tjue minutt.

— Det var overraskande at vi fekk nyttårsbarnet, ho var ikkje venta før om to veker, seier den stolte nyttårspappaen, Valdemar Sæberg Valdemarsson.

Klokka sju i går kveld bar det opp på Haukeland. Etter ein rask fødsel som gjekk heilt greitt, ifølgje pappaen, vart Ída María fødd. Jenta målte 51 cm og vog 3750 gram.

— Ho er liten i forhold til det som er vanleg i våre familiar. Men ho har tjukt svart hår, og det er slik det skal vere, fortel pappa Valdemar.

Ída María er parets første barn. Mor, Steinunn Adólfsdóttir, er psykolog og stipendiat ved Universitetet i Bergen. Det var jobben til mor som lokka den nybakte familien til Bergen for snart fem år sidan. Om nokre veker kjem det familiebesøk frå Island til Bergen.

GODT SOVEHJARTE: Ída María Valdemarsdottir er det første barnet til foreldra Steinunn Adólfsdóttir og Valdemar Sæberg Valdemarsson. Då BT var på besøk på Haukeland, hadde den vesle jenta sove i snart tolv timar.
Amundsen, Paul S.