Kappløpet etter arbeidskraft gir kommunane ei ekstrarekning på to milliardar kroner.

– Den store etterspørselen etter arbeidskraft driv opp lønsnivået. Når det gjeld barnehagesektoren spesielt så er der stor etterspørsel på grunn av den enorme barnehageutbygginga, seier administrerande direktør Olav Ullern i Kommunenes Sentralforbund (KS).

I år har kommunane auka skatteinntekta med to milliardar kroner meir enn regjeringa spådde i statsbudsjettet for 2007. Problemet er at alt har gått med til å dekke den uventa store kostnadsauken.

Krev kraftig lønsauke

Fredag gjekk tillitsvald Bjørn Bakke i Utdanningsforbundet til rådmann Ivar Viddal i Eid med nye lønskrav for dei kommunale barnehagestyrarane.

Lønnsnivået i den private Eid Barnehage, der Anne-Britt er sjef, skal brukast for å løfte styrarløna i kommunale barnehagar som Gjerdane Barnehage, der ektemannen Øyvind er sjef.

– Vi brukar lønsnivået i private barnehagar som eit argument. Vi vil ikkje ha A-barnehagar og B-barnehagar, seier Bakke.

Eid Barnehage var den største jobbskaparen i Nordfjord i fjor (sjå tabell), ei plassering som speglar den sterke veksten i barnehagebransjen.

Barnehagen er også lønsleiande i kommunen. Det vart den då den vart gjort om frå kommunal til privat i fjor vår, og dei tilsette gjekk over til tariffavtalen Private Barnehagers Landsforbund følgjer.

Anne-Britt tener kring 405.000 kroner i året, cirka 50.000 kroner meir enn ektemannen.

Dette er fakta som Bakke i Utdanningsforbundet vil bruke for alt det er verdt i forhandlingane.

Syg til seg arbeidskraft

Barnehagane syg til seg ledig arbeidskraft.

Private barnehagar som er organisert i Private Barnehagers Landsforbund har auka bemanninga til 13.300 årsverk, ein auke på 6000 årsverk, på under tre år.

I kommunane auka talet på styrarar og avdelingsleiarar med 860 frå 2004 til 2006.

Bergen åleine auka talet på årsverk i private og kommunale barnehagane med til saman 1236 frå desember 2005 til september i år. Kommunen er i ferd med på byggje sju nye mellombelse barnehagar og skal ha 202 nye tilsette på plass innan januar neste år.

Barnehageboom sikra jobb

Helga Lillestøl (61) hadde for lengst fått gullklokke for lang og tru teneste då Gilde-konsernet byrja å tenkje på å leggje ned slakteriet på Eid.

I 2003 var det slutt. Lillestøl var arbeidslaus. Det er det stor sjanse for at ho framleis ville ha vore utan barnehageboomen.

Mange på slakteriet drog til fiskeindustrien i Måløy, men det var ikkje eit alternativ for Lillestøl. Ho var lønningssekretær og hadde ikkje erfaringa med slaktekniven som fiskeindustrien ville ha.

Etter eit par år heime tok Lillestøl kontakt med arbeidskontoret. Ho ville gjerne i løna arbeid igjen og gjerne noko nytt. Barnehage kunne passe.

– Det tok ikkje så lang tid før eg fekk ein telefon, seier Lillestøl. Ho vart vikar og kan få telefon tidleg på morgonen om vakter same dag. Sidan årsskiftet har ho jobba nesten full stilling.

Karusellen snurrar

Suget etter arbeidskraft og større lønsskilnader barnehagane mellom har fått fart på lønskarusellen i heile landet.

  • I Bergen er kommune lønsleiande. I dei to siste lønsoppgjera har kommunale barnehagestyrar i Bergen fått ein lønsauke på til saman 61.000 kroner. Det er ein lønsauke på 15 prosent. Gjennomsnittsløna for ein styrar i ein kommunal barnehage i Bergen er i dag 443.000 kroner i året.
  • Oslo treng 900 nye førskulelærarar for å nå målet om full barnehagedekning, må konkurrere med Bærum som lokkar med 16.000 kroner høgare årsløn til ferske førskulelærarar. Bærum i sin tur hadde auka lønene for å konkurrere med Asker, skriv Aftenposten.
  • I kommunale barnehagar på landsbasis steig grunnløna for pedagogiske leiarar (avdelingsleiarar) og førskulelærarar utan leiaransvar med over åtte prosent i 2006. Det er nesten dobbel så høg lønsvekst som under førre hovudoppgjer, i 2004.
ULIK LØN, LIKT ARBEID: Anne-Britt og Øyvind Dyptveit er begge barnehagestyrarar i Eid. Men tariffen i den private barnehagen gjer Anne-Britt til lønsleiande.
oddleiv apneseth