TERJE ULVEDAL

Ei forskargruppe skal undersøkje faren for skred i ekstremvêr. Forskarane trur klimaendringar med meir nedbør kan auke risikoen for alle typar skred dei næraste åra.

— Meir ekstremvær kan føre til fleire fjellskred, leirras og steinsprang. Men når det gjeld snøskred kan mildare klima føre til færre ras, i alle fall i deler av landet. Vestlandet er døme på eit område der risikoen for store snøskred kan bli redusert, seier forskar Lars Harald Blikra ved Norges Geologisk Undersøkelse (NGU).

2000 miste livet

På eit møte mellom geologar på Røros nyleg åtvara direktør Suzanne Lacasse ved Norges Geotekniske Institutt (NGI) i klare ordelag mot faren for framtidige store rasulukker. Dei siste 150 åra har ulike typar skred tatt livet av 2000 menneske i Norge.

— Klimaendringar, som ser ut til å bringe med seg meir ekstremt vêr enn før, aukar frekvensen av store nedbørsmengder og ras, meiner NGI-direktøren.

Bygt på historiske data ventar forskarane at hundreåret vi er inne i, vil gje oss ti store rasulukker med mange omkomne. Fleire titals menneskeliv vil gå tapt i kvart skred. Måten samfunnet har utvikla seg på, aukar faren for at store ras kan skape store menneskelege tragediar.

Varmare, villare, våtare

— Vi er meir sårbare for enkelte typar ras. Eit døme på det er utbygginga som har skjedd i strandsona langs store delar av norskekysten. Vestlandet er døme på at konsekvensane av flodbølgjer frå store fjellskred fort kan bli store. Men på den andre sida er vi truleg mindre sårbare for store snøras. Grunnen er at folk har flytta frå dei mest utsette snørasområda, seier Lars Harald Blikra.

Forskarane skal no sjå inn i glaskula 50 år framover, granske utvalde område og kalkulere forholda mellom skred og eit varmare, våtare og villare klima. Det skal lagast nye klimascenarier for ekstremvêr. Historiske skredhendingar skal analyserast med tanke på å finne ut om vêrlag og klima utløyste desse.

— Ved å undersøkjer vêrtilhøva rundt den tida store skred har gått, kan vi sjå samanhengane betre. Knytt opp mot framtidige klimaprognosar, kan vi betre seie noko om rasfaren i fjell og dalar, seier Blikra.

Stryn

Konkrete område skal undersøkjast for å vurdere effekten av klimaendringar. Så langt er fire område plukka ut: Stryn, Oslo-regionen, Gudbrandsdalen og Tromsø-området. Forskargruppa skal også sjå på kva samfunnsøkonomiske konsekvensar eventuelle endringar i rasrisikoen kan få, både for lokalsamfunn og heile landet. Det er Norges Forskingsråd som finansierer arbeidet, som det er sett av ti millionar kroner til over fire år.

Denne forskingsoppgåva kjem i tillegg til det store fjellskredprosjektet som NGU samarbeider med fleire fylkeskommunar om. Fjellskredforskinga skal mellom anna kartleggje ustabile fjellområde. Sogn og Fjordane er mellom fylka som er med i dette prosjektet.