Sjekk ranselen etter skuletid måndag, dersom du har barn i 2., 3. eller 4. klasse og bur i Bergen eller Sund. Oppi sekken ligg nemleg eit spørjeskjema til deg.

Avsendar er «Barn i Bergen», den største undersøkinga om barns mentale helse på tretti år i Norden. Bak det ambisiøse forskingsprosjektet står Universitetsforsking Bergen ved HALOS/Regionsenter for Barne— og ungdomspsykiatri.

Forskarane vil at du skal svare på spørsmål om ditt barns kjenslemessige utvikling, og om eventuelle teikn til problem i kvardagen - det vere seg heime, i fritida eller på skulen. Ditt bidrag kan hjelpe fagfolk til å skaffe seg ny og betre kunnskap om barns mentale helse og utvikling i Norge i dag.

Hjelpa kjem seint

— For første gong kan vi bli i stand til å seie kor mange barn som treng hjelp, og kva slags hjelp dei treng, seier overlege og førsteamanuensis Einar Heiervang ved Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling i Helse Bergen HF.

— Målet er ikkje å gjere fleire barn til pasientar, men å oppdage barn som har problem og treng hjelp på eit tidlegare tidspunkt. Dessutan kan ny kunnskap gjere oss i stand til å planleggje hjelpetilbodet betre.

Når eit lite barn viser teikn til angst, depresjon eller hyperaktivitet, tek det ofte lang tid før det blir sett iverk hjelpetiltak. På Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling i Bergen registrerer dei at stadig fleire yngre pasientar slit med alvorleg depresjon, sjølvskading, spiseforstyrringar og adferdsproblem.

— Dette fortel oss at mange barn strevar med liva sine, sjølv om dei fleste barn materielt sett har det bra, meiner Heiervang. - Fordi tidlege teikn ikkje blir fanga opp, er problema ofte blitt svært alvorlege når barna kjem til vår avdeling. Derfor er det viktig å kome inn på eit tidleg stadium for å kunne førebyggje, ikkje berre reparere.

Følgjer dei til 18-årsalderen

I dag får vel to prosent hjelp innan barnepsykiatrien. Behovet er langt større, trur Heiervang.

— Små ressursar og nedskjæringar fører til at mange ikkje får den hjelpa dei treng, og truleg får barn mindre hjelp i dag enn før. Vi er så naive at vi trur at det å dokumentere situasjonen kan bidra til auka ressursar.

Innsamling av data til «Barn i Bergen» kjem til å vare fram til våren 2004. Men etterundersøkingar av dei same barna kjem til å halde fram til dei fyller atten år.

— Slik kan vi følgje dei over lang tid, og mellom anna vurdere kva som er alvorlege teikn på mentale problem, og kva som er mindre alvorleg. Dette blir ikkje berre nyttig for Norge. Også internasjonalt vil dette bety mykje for å forstå barns problem, meiner Heiervang.

Prosjektet blir finansiert av Norges Forskingsråd, Universitetet i Bergen og Helse Bergen HF.