• VANSKELEG: Matte var lettare før. No skal Ola Kvamsdal, Marcus Soltvedt og Erlend Mogenstad snart byrje i 10.-klasse, og det siste året har det vore både vanskeleg og kjedeleg, kan dei fortelje. - Det er ofte i den siste timen og, og då er det ekstra slitsamt, seier Kvamsdal. FOTO: Jo Straube

Forskar: Skulematte er drepen

Drepande kjedeleg for dei flinkaste, urealistisk vanskeleg for dei svakaste. Det er skulen som sviktar elevane i matteundervisninga, meiner forskar.