Snøras og flaum sperra vegane drøssevis av stader i dette området.

Sigbjørn Lien frå Eivindvik hadde måka snø av hyttetaket på Lien i Teigdalen då rasa gjekk og vatnet skylla over vegen fleire stader. Med hurtigkjettingar på framhjula, kom han seg likevel velberga ned att gjennom dalen, over grovrydda snøras og djupe bekkefar i snø— og isdekket på vegen.

Like ovanfor pølsefabrikken kunne han rapportera til Ole André Brekkhus som rydda ras, veita bort vatn og var sett til å stoppa trafikk på veg oppover.

— Eg kan ikkje sleppa nokon forbi her. Det kan koma nye ras kva tid som helst, og Mestadvatnet er i ferd med å fløyma over vegen, seier Brekkhus til bt.no.

På fjellovergangen til Nesheim i Eksingedalen tok frådande elvevatn med seg begge rekkverka på ei bru.

Folk kom seg ikkje på jobb. André Brunborg ved Evanger Pølsefabrikk opplevde inga stor krise i går, men det går ikkje an i lengda at mange tilsette uteblir.

— Heldigvis har vi flest tilsette buande på nedsida av fabrikken, seier Brunborg.

Nedover mot Evanger var vegen strødd.