— Det er ganske omfattande utbetringsarbeid som skal gjerast. Det er berre å innsjå at dette tek lenger tid enn det har blitt rekna med. Det blir forseinkingar på fleire lufthamner, seier fungerande divisjonsdirektør for dei regionale lufthamnene, Hans Børre Joakimsen.

I går skreiv BT om Sandane Lufthamn i Nordfjord der utbygginga som skulle starta i august er utsett. Avinor trur likevel dei skal klare å halde ein sluttdato som dei no har sett til 1. oktober 2009.

Raserer gardane

For å gjere trafikken på kortbanenettet tryggare, skal alle flyplassane ha sikringssoner på 180 meter i kvar ende og 40 meter på kvar side av rullebana.

Så langt har ikkje Avinor ein gong fått på plass avtaler med sju grunneigarar som blir råka av arbeidet for å trygge flyplassen i Nordfjord. Advokatfirmaet Hans Lothe på Sandane representerer seks av grunneigarane. Det er no forhandlingar, og advokatfullmektig Jan Erik Mardal reknar med at Avinor kjem med eit tilbod i august.

— Alt som skal på plass før vi kan ta til på arbeidet i marka, tek tid. Avtaler om grunnavståing er ei brikke i dette, seier Joakimsen.

Fire klar

Avinor har i alt ansvar for 29 kortbaneflyplassar. Statsselskapet vil ikkje vere konkrete på kor mange som blir forseinka, men i følgje Joakimsen har berre fire av flyplassane som treng utbetring så langt blitt oppgraderte. Florø og Sogndal er to av desse. I tillegg går arbeid føre seg for fullt på fem-seks andre av dei regionale lufthamnene.

— Vi utfører dette tryggleiksarbeidet etter kvart som flyplassane skal ha ny teknisk og operativ godkjenning, seier Hans Børre Joakimsen.

Konsekvensen av forseinkingane er at Avinor må søkje om dispensasjon for å drive fleire flyplassar dei kommande åra.

Fleire rundar

— Når det gjeld Sandane lufthamn arbeider vi no med dispensasjonssøknaden. Det som er klart er at det ikkje er så enkelt at det berre er å be om utsetjing. Vi bur oss på at vi må inn med kompenserande tiltak.

I Avinor ønskjer dei ikkje å svare konkret på om dei fryktar at Luftfartstilsynet, som har kontrollansvaret på norske flyplassar, kan vende tommelen ned for dispensasjonssøknader. I så fall vil konsekvensen av det vere stenging.

— Det er opp til tilsynet å vurdere om dei mellombelse tiltaka vi føreslår er gode nok. Vi er budde på at det på enkelte flyplassar kan bli fleire rundar.

Bergens Tidende prøvde i går å få kommentarar frå Luftfartstilsynet til forseinkingane i sikringsarbeidet, men på grunn av ferieavvikling kunne ingen i tilsynet svare.

Oddleiv Apneseth