— Han er eg takksam for. Jon Ytrehorn kom inn med ein annan bakgrunn og har vitalisert prestetenesta. Han er eit særs godt døme på at ordninga har fungert som det var tenkt, seier biskop Ole D. Hagesæther.

Til vanleg får ingen verta prest i Den norske kyrkja utan å ha grave seg ned i tjukke bøker, studert teologi i seks år og teke praktikum. For nær ti år sidan vart det opna for at menneske med særleg utrusting for yrket kunne verta prest. Samstundes vart det og mogeleg at personar med noko teologi og høgare utdanning tilsvarande teologistudiet kunne søkje om å få verta prest.

Rik og krevjande teneste

Jon Ytrehorn vart tidleg kjend over heile landet for sitt arbeid i Institutt for Kristen Oppseding, IKO. I 1978 braut han opp frå Oslo for å overta gardsbruket og gå inn i ei nyoppretta stilling som kateket i Hornindal prestegjeld, som omfattar dei tre sokna Hornindal, Nordsida og Randabygd. I 20 år var han i stillinga før han tok eit sabbatsår.

Biskopen kalla han sjølv til teneste som prest før han vart vurdert av ei nemnd.

— Vi må ta på alvor at Gud gir nådegåver. Her kan åndeleg modning og kompetanse telje, ikkje berre eksamenspapir, seier Hagesæther.

— Prestetenesta har vore rik og spanande, men og krevjande og utfordrande, fortel Jon Ytrehorn.

Han vart pensjonist og gjekk av som sokneprest i sommar, men stepper framleis inn når ein prest vert sjuk eller har frihelg.

Kraftlaus og liten kjende han seg når tragediar og plutselege dødsfall ramma bygdefoket. Jon Ytrehorn set seg ned ved slike høve og lyttar meir enn han pratar.

Frå solospel til samarbeid

— I slike stunder opplever eg å få kraft. Tenesta ber meg, ikkje eg tenesta, seier Jon.

Med ei konservativ teologisk grunnhaldning har han som prest vore ein brubyggjar for ei kulturåpen folkekyrkje. Samarbeid med barnehagar, idrettslag og organisasjonar er styrkt. Born, unge og vaksne er trekte inn som medhjelparar ved gudstenester, dåp og bryllaup.

— Ei gudsteneste er ikkje noko solospel frå presten si side. Vi arbeider saman og eg trur vi har fått til noko som fungerer godt, seier Jon Ytrehorn.

Då klokkarstillinga rauk, spurde han konfirmantane om dei kunne ta over. - Jon, gje oss eit kurs, så stiller vi, svara dei. I dag gjer dei teneste saman to og to.

Ikkje B-medlem

— Dei som følgjer kyrkja gjennom media, kan tru at det berre er strid i ho. På lokalplan er det annleis. Eg møter eit stille trusliv, ei lengt etter det heilage. Når eg samtaler med unge foreldre før dåpen eller med to forelska som vil gifte seg, spør eg alltid om eg kan avslutte med bøn. Det vil dei. Som prest kan eg peike på at vi har ein himmel over våre liv, seier Jon Ytrehorn.

Han er imponert over at dei i vesle Randabygd kan få inn 30.000 kroner på kyrkjelydsbasar ein kveld. 150 kroner på kvar innbyggjar. På Nordsida, der det bur 500 menneske, får dei inn mellom 40.000 og 60.000 kroner på ei liknande tilskiping. Her er gjevarglede og omsorg for andre.

Å vera prest i eiga heimbygd kan vera ei utfordring. For Jon har mest vore ein fordel å kjenne folk, tenkjemåte og lynne. 67 år gammal søkte han avskil på grunn av øyresus og trong til å bruke meir tid saman med familien. Dessutan held han på å skrive ei bok om sabbatsteologi og menneska si trong for kvile og helg.

— Eg har ikkje følt meg som nokon B-medlem i prestekollegiet i Nordfjord om eg ikkje er cand.theol. Eg har blitt inkludert og brukt og har opplevd meg som likeverdig, seier Jon Ytrehorn.

Kyrkja står framfor ein alvorleg prestemangel i åra som kjem. Slik han ser det, er det også bruk for prestar som har ein anna utdannings- og yrkesbakgrunn enn cand.theol.

PRESTEMANGEL: Jon Ytrehorn trur det i fremtida er trong for prestar som har ein annan bakgrunn. FOTO: GUNNAR NYGJERD