Mellom anna kan løyvet for heile eller deler av sambandet takast attende med varsel på seks månader dersom det blir gjennomført større veginfrastrukturinvesteringar som endrar reisemønsteret i vesentleg grad.

Årsaka til dette vilkåret er planane om fastlandsamband for Halsnøy og planleging av kabelferjesamband mellom Fjelbergøy og Borgundøy. Vidare må rutetilbodet leggjast til rette for funksjonshemma, medrekna rullestolbrukarar.

HSD må og dekkje ein rimeleg del av felleskostnader i samband med trafikantinformasjon, bruk av terminalar og liknande, som står i rimeleg høve til HSDs del av det samla rutetilbodet på løyvestrekninga.

Hordaland fylkeskommune har nyleg inngått kvalitetsavtale over to år med HSD Sjø. For å etterleve avtalen må HSD ha ruteløyve. Tildeling av ruteløyve påverkar derimot ikkje høvet til å lyse sambandet ut på anbod, tildele parallellkonsesjonar til andre eller endre avtaleform etter utløpet av kvalitetsavtaleperioden.

Saka blir endeleg avgjort av fylkesutvalet 25. og 26. mars.