— Eg kjende meg heilt reinvaska etter helsepersonalet og advokaten som utførte testamentet, vitna for meg, seier Lars Slettebø.

Kunstnaren frå Stord har i tre dagar site i Sunnhordland tingrett etter han vart saksøkt av slektningane til ei eldre kvinne på Bømlo. Kvinna endra testamentet sitt på dødsleiet. Slettebø som berre perifert kjende kvinna, fekk garden i staden for slektningane frå USA.

Godt for bygda

I forliket får amerikanarane behalde ei tomt og eit naust. Dei får også alt innbu og lausøyre frå huset, pluss pengane som er att etter tanta deira, vel ein million kroner.

Men garden og hovudhuset skal seljast til jordbruksinteresserte som skal drive garden vidare i den avlidne gardbrukaren si and.

— I avtalen ligg det at ingen av dei involverte partane kan kjøpe garden, inkludert vitna, seier Slettebø.

Han er svært nøgd med avtalen, og er viss på å finne interesserte som vil drive garden vidare.

— Det er mange som lenge har leita etter eit gardsbruk å drive. Då finn me også idealistar med genuin interesse for jordbruk, slik den avlidne ønska, seier Slettebø.

— Eg trur at denne avtalen også er godt for bygda.

Heile bygda der kvinna budde har vore involvert i arvestriden. Det var velkjent at tanteborna skulle arve garden, og reaksjonane var sterke då det kom fram at kvinna endra testamentet sitt på dødsleiet. Blant dei 21 vitna som vart førte i saka, var det også fleire grannar og slektningar.

Også pengar til Røde Kors

Slettebø byrja også onsdagen, rettens andre dag, med eit forliksforslag. Det stranda ettersom det ikkje ville ha overlate nokon eigedom til amerikanarane.

— Tanteborna ønskjer å ha tilknyting til slektsgarden. No er dei nøgde med at dei får hand om innbuet i huset med arvestykka i familien, pluss eit naust og tomt, seier advokat Johan Nygård.

Han fortel at slektningane vil gå i gang med forhandlingar med landbruksstyresmaktene slik at dei kan få reist eit hus, slik at dei framleis kan reise til Bømlo om sommaren.

I det opphavlege testamentet til tanta deira, skulle pengane etter henne delast mellom dei og Røde Kors og Frelsesarmeen. Etter forliket sit dei att med meir pengar, men utan hus.

Også dei to veldedige organisasjonane sit att med meir pengar etter forliket. Organisasjonane var også blant saksøkjarane, ettersom dei var tilkjent pengar i det første testamentet, men ikkje i det som vart endra i den eldre kvinna sine siste dagar. Etter forliket vil organisasjonane truleg få meir enn det første testamentet. Garden vil truleg bli seld for ein sum opp mot ein million kroner. Lars Slettebø sjølv sit ikkje att med noko etter oppgjeret.