Berre dei ikkje er rømlingar frå oppdrettsmærdene. Med rømlingane blir det gjort kort prosess, med rogn og mjølke i. Så snart dei er avslørt av skjelprøvene, er dei gryteklare i staden for gyteklare.

— Det tek 10-12 dagar å få svar frå laboratoriet. Då lukar vi ut oppdrettslaksen, og let villaksen gå i kummen til han er gyteklar, fortel Svein Rune Riber til Bergens Tidende.

Til stryking

Sånn cirka i månadsskiftet november-desember melder brunsten seg med full tyngd. Det er tid for «stryking» i klekkjeriet. Rogn vart pressa ut av holaksen, og deretter spraya med mjølke frå hannane. Utan all buktinga og sprellinga over gytegropene som naturen forlanger ute i elvane.

Riber er tilsett på settefiskanlegget i Eidfjord, der dei har ansvar for å halda ved like laksestamma i fleire vassdrag der Statkraft driv kraftproduksjon. Dette er eit av vilkåra Stortinget har sett for reguleringa som fører vatn frå sitt naturlege elveløp innom kraftstasjonane.

Av elvane Hopra og Vikja i Vik i Sogn, er det sistnemnde som er gjenstand for kultivering. Like nedanfor Kraftstasjonen er elva senka mange meter i lendet. Ein loddrett murvegg dannar ein kunstig foss, og nedanfor vert det nye elveløpet kalla Kanalen.

Elektrisk sjokk

Når laksen kjem heim att frå havet, kjem han ikkje stort lenger opp i vassdraget. Mange blir ståande i Kanalen, andre vågar seg inn i tunnelen under kraftstasjonen. Men så er det bom stopp.

Det årlege stamfiske kan vanskeleg kallast sportsfiske. Her gjeld det å fanga laks som skal bli stamfar og -mor til neste generasjon.

Inne i tunnelen opererer «fiskarane» frå ein flåte. I Kanalen plaskar dei rundt i froskemannsdrakt, eller går til fots på elvebotn, med vasstette vadarar til oppunder armane. Dette er mogeleg fordi kraftproduksjonen er redusert og utsleppet av vatn frå kraftstasjonen er redusert medan stamfisket går føre seg. Eit garn tvers over elva i nedkant av operasjonsområdet skal hindra at laksane stikk av den vegen.

Eit straumapparat kan også brukast. Laksen får eit elektrisk sjokk som lammar han i 5-10 sekund. Nok til at han flyt opp med buken i vêret og blir fanga i hoven.

— Effektivt og skånsomt, seier Riber.

Augerogn i sandkasse

Tidlegare vart rogna klekt i Eidfjord, og fisken fora opp til smolt i settefiskanlegget der, før utsetjing i den aktuelle elva.

No er det ikkje lenger lov til å frakta rogn eller fisk over fylkesgrensene. Difor vert rogna klekt på eit lokalt klekkeri i Sogn.

Nytt i år er også tidspunktet for utsetjing i elva. Det skal skje allereie i januar/februar, på augerogn-stadiet.

— Rogna vert lagt i sand, i kasser av perforert hardplast som vert sett ut i elva, dels nedgraven i elvesanden, fortel Riber.

Poenget er å gjera laksen kjend med heimeelva på eit nesten like tidleg stadium som ved naturleg gyting.

Fiskelaget med

Pål Steinar Green, leiar i Vik Jeger og Fiskelag, er blant dei frivillige som hjelper statsføretaket med å oppfylla konsesjonspliktene sine. Fleire medlemer av laget jobbar side om side med dei Statskraft-tilsette i Kanalen.

— Sjølvsagt er vi med. Dette er eit svært viktig arbeid for å halda oppe Vikja som ei attraktiv lakseelv for sportsfiskarar, seier Green til Bergens Tidende.

TUNNELARBEID: Inne i tunnelen under kraftstasjonen arbeider dei lettastfrå ein flåte. Svein Rune Riber (t.h.) ventar på fangsten. FOTO: ARNE HOFSETH
FANGST: Svein Rune Riber overfører fanga laks frå eim kum til den neste. Dersom skjelprøvene ikkje avslører rømt oppdrettslaks, blir det stryking, klekking ved månadsskiftet og utsetjing av Augerogn i elva på nyåret. FOTO: ARNE HOFSETH
MANNGARD: Stamfiskarar på søk etter laks i Kanalen, den nedsenkadelen av elva Vikja i Vik i Sogn. Fremst Morten Jakobsen (t.v.) og EttoreZuliani, medan Stian Myklatun (i bakgrunnen) gjer klarfroskemannsdrakta. FOTO: ARNE HOFSETH
MANNEN MED HOVEN: Froskemann Stian Myklatun fråEidfjord sym som ein fisk i jakta på laks. FOTO: ARNE HOFSETH