Saman med Skanska Norge AS, Reinertsen AS og Veidekke ASA var NCC Construction involvert i omfattande ulovleg prissamarbeid om vegprosjekt på 1990-talet.

Denne saka omfattar bygging av sju bruer med ein samla prislapp på om lag 650 millionar kroner.

Ei av desse bruene er Stolmabrua mellom Selbjørn og Stolmen i Austevoll. Brua, som er 467 meter lang, vart opna for trafikk 14. november i 1998 med ein prislapp på 135 millionar kroner

Opprullinga

Konkurransetilsynet og Økokrim kom på sporet av det utbreidde prissamarbeidet som rådde innan entreprenør— og asfaltbransjen, etter avsløring av økonomisk utruskap i Selmer.

Det starta med at tre direktørar i Selmer i Bergen vart avslørte for å ha late Selmer betale fleire millionar kroner for private oppdrag.

Ein av dei truga med å varsle Konkurransetilsynet om det han visste om ulovleg prissamarbeid, dersom han vart meld til politiet.

Selmer valde likevel å melde han. Mannen heldt ord og fortalde Konkurransetilsynet om entreprenørsamarbeidet.

Konkurransetilsynet melde entreprenørselskapa til Økokrim i 2003. I juni 2006 vart dei fire selskapa ilagt bøter på til saman 19,5 millionar kroner, pluss 5,65 millionar i inndraging.

På toppen av dette har Statens vegvesen fremja krav om erstatning.

- Pinleg for selskapa

Sidan har Skanska og Veidekke gått med på å betale ei erstatning på seks millionar kroner kvar til staten, Hordaland fylkeskommune og Nordland fylkeskommune. Om lag 20 prosent av beløpet tilfell fylkeskommunane.

— Dette er ei veldig alvorleg sak. Det seier seg sjølv at ingen pungar ut med seks millionar kroner utan grunn. Det er mildt sagt pinleg for dei selskapa dette gjeld. Eg er viss på at det nå blir slutt på denne typen kriminalitet, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen i Hordaland.

Både NCC og Reinertsen avviste først å punge ut. Men i går kunne assisterande vegdirektør Kjell Sture Bjørvig opplyse til BT at Reinertsen har gått med på eit forlik på seks millionar kroner. Dermed er det berre NCC Construction att. Også for dette selskapet er kravet seks millionar, og Statens vegvesen har gått til retten for å få dom for erstatningskravet.

— Vi har ikkje så veldig mykje å seie om saka. Vi meiner vi ikkje har gjort noko gale, og difor vil vi heller ikkje betale forliket for å bli ferdige med saka, seier kommunikasjonsdirektør Cecilie Martinsen i NCC Construction AS.

Store påslag

— Det er veldig bra at offentlege styresmakter som har vore utsette for denne typen konkurransekriminalitet, følgjer opp med erstatningskrav, seier konkurransedirektør Knut Eggum Johansen.

— Internasjonale studiar har vist at slikt prissamarbeid gjerne fører til prispåslag på 20, 30 eller opptil 40 prosent over det ein elles hadde måtte betale for oppdraga, seier Johansen.

— Det er skattebetalarane som får rekninga for denne meirkostnaden, legg han til.

— Trur du avsløringane med vidare bøter og erstatningskrav har disiplinerande effekt?

— Det bør det ha. Dei som vurderer denne typen kriminalitet bør tenkje seg om. Eg trur at dei selskapa som bryt konkurranselova, ofte tek ein kalkulert risiko. Det er store pengar det er snakk om. Difor er det viktig at bøtenivået nå blir heva kraftig, slik at dei ikkje skal sleppe unna med forteneste sjølv om dei blir tekne. Både den nye konkurranselova og signala frå lovgjevarane viser at reaksjonane skal bli strengare, seier Johansen.

  • Avdekking av konkurransekriminalitet som også kan omfatte korrupsjon og skatteunndraging, er eit satsingsområde for oss, seier Johansen.

Hva synes du om saken? Si din mening i kommentarfeltet!

ULOVLEG SAMARBEID: Stolmabrua, som vart opna for trafikk 14. november 1998, med prislappen 135 millionar kroner, vart truleg dyrare enn naudsynt på grunn av ulovleg prissamarbeid mellom tilsynelatande konkurrerande entreprenørar.