Erling Vigdal er cowboy frå Indre Sogn. Han køyrer amerikansk van med 280 hestekrefter. Kler seg i boots, jeans, saueskinnsjakke og australsk cowboyhatt av kuskinn og med krokodillereim. Er kristen, men har aldri vore medlem verken av statskyrkja eller andre trussamfunn. Svingar gjerne både eitt og to beger, og har klippefast tru på at Vår Herre ikkje ser noko gale i det.

— Ølet eg drikk er mitt ansvar. Eg blir nok ikkje vraka i himmelen fordi eg har vore full nokre gonger.

Bestefar Ragnar var musikar og smed. Soneson Erling (29) er amatørmusikar og sin eigen lukkesmed. Men han er trygg i trua på at Herren er med.

— Gud tek aldri ferie. Han er snart den einaste eg stolar på. Eg ser på meg sjølv som ambassadør for Guds Rike.

I tillegg er Erling Vigdal ambassadør for Carl I. Hagen. Torsdag tok han sete i Luster kommunestyre for første gong, og blei valt inn i formannskapet.

— Det Hagen seier går rett inn hos meg. Frp har vore med på å gje meg mitt liv.

Hutrande i oktoberkulden møter han oss på tunet, i berre T-skjorta.

— Eg er ikkje skapt for dette klimaet, seier han. Og vil ha oss under tak så fort som råd. Inn i stova der det er fyrt dugeleg i vedomnen.

T-skjorta er forresten ikkje berre berre. Ei glitrande og opphøgd madonna lyser mot oss frå brystkassa. Under står det «Cowboy & Angels».

Som cowboyar flest elskar Erling Vigdal den amerikanske draumen.

— Tenk deg at du seier at du vil bli verdas beste journalist! Fortalt til ein amerikanar, ville han ønskt deg lukke til. Sagt til ein nordmann, ville han truleg sagt noko slikt som at: «Jaja, du kan no berre tru det»! Vil du noko i USA, får du lov å prøve. Her gjeld jantelova.

Men den amerikanske draumen er ikkje nødvendigvis best i USA.

— Norge er nok eit betre land å bu i. Så mykje har eg sett av USA at eg skjønar det, innrømmer han.

Så kvifor då endre Norge? Kvifor bli Frps mann i Luster? Fordi han ikkje kan forstå kvifor ikkje folk skal sitje att med pengane dei tener, og gjere med dei som dei sjølve vil. Fattar ikkje kvifor han må søkje kommunen for å få lov til å skifte glas i huset. Skjønar ikkje logikken i at det ville ha kosta 800.000 kroner ekstra å ha baksete i hans Chevrolet Tahoe med 280 hestekrefter. I staden brukte han 15.000 kroner for å få tatt ut baksetet, og punga ut med 450.000 for bilen. Blir aldri klok på at det var skular og postkontor i kvar ei grend då Norge var eit fattig land, medan dei blir lagt ned når nasjonen vassar i pengar. Og kan heller ikkje skjøne kvifor samfunnet ikkje greier å ta seg av dei gamle.

— Det skulle ikkje vere så vanskeleg å skjøne at eldre ikkje skal plasserast på dass. 20-åringar som ikkje vil gjere noko som helst, blir derimot behandla med silkehanskar.

— Men må det ikkje betalast skatt også for å få samfunnet slik du vil ha det?

— Nei, Norge er eit rikt land. Oljepengane skulle vi brukt til å lage gode omsorgstilbod, byggje vegar og ruste opp næringslivet til å møte dagen vi står utan dei inntektene. I staden set vi pengane på bok og vassar i skattar og avgifter som gjer at folk brukar tid og krefter på å lure staten. Eg har aldri levert eit betonglass svart. Men spør om eg får tilbod!

Fem år gammal sat han på fanget til bestefar Ragnar Vigdal og song salmen «Jeg er en kilde» på fjernsyn i NRK. Musikalitet fekk han inn med morsmjølka, det var sjølvsagt i familien. Som unge blei han aldri så overraska som då han oppdaga at det fanst heimar der det å syngje var flaut.

I dag spelar han til dans mest kvar helg med gruppa «Absolute Blues». Til våren skal det bli CD, eigenkomponert blues og truleg nokre tolkingar av farfarens salmar. Men dei blir aldri spelt på kroer eller samfunnshus.

— Det vil vere å kaste perler for svin. Då ville eg ha skjemt ut både besten og meg sjølv. Folk må vere edru skal dei høyre på slik musikk.

Gamlehuset til bestefaren, nokre steinkast lenger framme i dalen, er øvingslokale. Musikkinstrumenta står hulter til bulter. Ei flaske Baileys attmed eit Jesusbilde. Tomme ølboksar på golvet. På bordet to velbrukte utgåver av Bibelen. Ei norsk og bestefarens amerikanske. Signert av ein kjend amerikansk predikant.

— Det er meir trykk i den amerikanske versjonen, meiner Vigdal.

Same året som han sat på bestefarens fang i fjernsyn, formulerte Erling Vigdal framtidsdraumen. Han skulle starte lastebilfirma, og det skulle heite E. S. Vigdal. Og så skulle han bli predikant. Første målet er nådd. No lurer han på det med forkynning.

— Eg tek til å kjenne at lastebilane ikkje er noko stor utfordring lenger.

— Kva vil du fortelje?

— Eg blir nok aldri ein tradisjonell predikant. Eg vil at folk skal glede seg, leve livet på jorda så godt dei kan og vere seg sjølve. Besten sa alltid at han kom til å bli verdskjend når han var død. Vi lo av han, ein smed frå Jostedalen som skulle bli verdskjend for songen sin! Men no står det om han i alle leksikon. Han blei kjend fordi han var seg sjølv og trudde på seg sjølv. Det vil eg fortelje.

Til og med Bob Dylan har CD med salmesongaren frå Jostedalen. Dylan trudde visst først at musikken kom frå Midtausten.

— Bestefars musikk var verdsomfattande. Det gjer den så spesiell. Kunne eg levd av musikk, skulle eg gjort det, sukkar Erling.

Så er det kanskje ein draum som ikkje let seg realisere.

— Er det å bli politikar eit steg på vegen mot å bli forkynnar?

— Det kan hende, svarar Erling Vigdal, og vedgår at han kvir seg litt. Det mange tungvektarar i Luster-politikken. Han skryt av kommunen som har lagt til rette for næringsutvikling, og Arbeidarparti-ordføraren som har vore flink. Men no var det på tide med nytt blod. Frp-laget i Luster er nystarta, og fekk inn tre representantar i kommunestyret. Partiet var sterkt medverkande til at det blei maktskifte. Dei borgarlege har tatt over Ap-bastionen.

— Eg skal vere meg sjølv, folkets røyst. Det er målet mitt. No blir dei nøydde til å ta meg seriøst, seier Erling Vigdal.

I tillegg til å vekse opp med musikk, vaks han også opp med gudstrua. Men døypt blei han aldri.

— Far meinte eg måtte bli vaksen og velje sjølv.

Kristen blei han først i ungdomsåra, men trua kom aldri til han i eit syn. Ferdig med ungdomsskulen reiste han på anlegg. Inne i mørke tunnelar var det god tid til å tenkje på skriftstader og meininga med livet. Erling Vigdal kom fram til at det måtte vere ein Gud. 21 år gammal let han seg døype.

— Eg trur han er med alle heile tida. Eg trur på nestekjærleik.

— Korleis samsvarar det med Frp innvandringspolitikk?

— Ganske godt. Vi kan ikkje ta inn fleire enn vi klarer å ta mot på skikkeleg måte. Elles får innvandrarar til Norge det som meksikanarane i California. Eg har sett det. Det er ikkje bra.

Slagordet «IN GOD I TRUST» har blitt hans varemerke. Få kjenner selskapa E. S. Vigdal eller Vigdal Betong. Men alle i Indre Sogn kjenner bilane med logoen.

— Det er det eg har å ære Gud med. Og så har det skapt debatt. Og det er flott.

— Trur Gud det er flott?

— Eg kan aldri tenkje meg han har noko mot det.

ABSOLUTE BLUES: Til våren skal det bli CD. Kanskje innspelt i gamlehuset. Kjende omgjevnader og eit par pils. Då kan det bli bra jamming. Gitar og piano er Erlings instrument.<br/>Foto: ODDELIV APNESETH