OVE A. OLDERKJÆR Slik spekulerte Oslo-psykologen Roald Arild Bjørklund, som forklarte seg som sakkunnig vitne i Sunnhordland tingrett i går: Snøggbåten kan ha halde feil kurs fordi kapteinen uforvarande kom borti ein knapp for radarinnstilling og mistolka avstandar. «Sleipner» kan ha blitt ført sterk babord som følgje av undervass-straumar. Mangt som ikkje hittil er kome fram kan ha skjedd i dei dramatiske sekunda før HSDs prestisjebåt gjekk rett på skjeret i 30 — 35 knops fart åtte minuttar over klokka 19 fredag 26. november 1999.

— Vi får aldri vita heilt sikkert dette, ettersom det ikkje eksisterer autentiske registreringar slik det finst i svarte boksar i fly, sa psykologen frå Universitetet i Oslo. Han har spesialisert seg på studiar av menneskelege faktorar innan maritim tryggleik. Bjørklund har også forska på utforming av skipsbruer og gjort samanliknande studiar av det å føra snøggbåt og fly. Psykolog Bjørklund har intervjua kaptein Hagland, og er kalla inn som vitne av Haglands forsvarar Per Magne Strandborg.

Gammal vane?

Som kjent har kaptein Hagland i fleire avhøyr og i retten forklart at han ulukkeskvelden førte snøggbåten over Sletta nøyaktig slik han hadde gjort i årevis, ved å setja kurs mot Håskru lykt i kvit sektor etter passering Ryvarden fyr.

Hagland har óg fortalt om ein samtalte med styrmann Olav Skjetne ved passering Litle Bloksa, og at han skulle til å kontrollera trygg passering av Store Bloksa på radaren då Skjetne brått ropte «No går du feil!».

Ifølgje Roald Arild Bjørklund kan Sverre J. Haglands forklaring vera basert meir på gammal vane enn på faktiske opplysningar om det som skjedde denne kvelden.

— Grunnstøytinga og forliset kan ha påført kapteinen eit mentalt sjokk som gav han eit tilbakeverkande minnetap som dekte inntil dei siste to minutta før forliset, sa psykolog Bjørklund. Psykologen grunna sjokk-diagnosen på vitneutsegn frå båten «Askita», som plukka Hagland opp frå sjøen, på fysiske skader og psykiske seinskader han fekk i ulukka, og på motstridande utsegner frå Hagland. Dei psykiske seinskadene har gjort Hagland hundre prosent ufør, i tillegg fekk han høyrslesskade av støy på brua og nedkjølingsskade i ein fot etter grunnstøytinga.

Sju vitne har ifølgje Bjørklund sagt at kaptein Hagland var i sjokktilstand då han blei redda, maskinsjefen på «Sleipner»-brua skildra Hagland som paralysert.

— Min spekulasjon er at kapteinen fekk ei mental blokkering, at han ikkje fekk med seg det som skjedde då båten gjekk mot skjeret. Auget kan ha fått indikasjonar på at han var ein annan stad enn der båten verkeleg var, og at han til sist kan ha vore den første til å ha oppdaga at det bar gale i veg, sa psykolog Bjørklund.

Psykologen gjekk ikkje tilbake på teorien sin då aktor, statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen konfronterte han med at overstyrmann Olav Skjetne har gitt samanfallande forklaring med Hagland omkring hendingsforløpet før «Sleipner» gjekk på Store Bloksa.

Kritiserte bruløysing og fyr

Psykolog Bjørklund meiner instrumentering og bruutforming på snøggbåtar bør meir enn i dag ta omsyn til at det er tale om høg fart som krev den største konsentrasjonen frå navigatøren.

Han sa i Sunnhordland tingrett også at fyrlyktene er konsturerte i ei tid då det berre var tale om saktegåande fartøy.

Når det blir innført endringar på instrument i fly, blir kvar minste detalj risikoanalysert, poengterte Roald Arild Bjørklund. Så nøye bør ein bli også på instrumenttilpassing på skipsbruer, meiner han.

— Blant flygarar er det dessutan ein veldig detaljert diskusjon om fart, kurs og avstand. Blant skipperar på sjøen er det skjønnet som dominerer. Kapteinane bestemmer sjølv. Det einaste dei er einige om er at dersom dei går på grunn, så er det gjort ein feil, spissformulerte psykolog Bjørklund.