ANDERS ELTVIK, Fjordenes Tidende

JAN STIAN VOLD

KAREN R. TJERNSHAUGEN

Bergingsmannskap søkte i hele går etter den sakna, Frode Ueland Amdal (21) frå Hundsvåg utanfor Stavanger som vart teken av brottsjøen like etter midnatt natt til i går. Han var saman med eit tjuetals medstudentar på tur med Høgskulen i Volda si filuftslivgruppe Natura.

Skulle surfe

Dei var i Hoddevik på Stadhalvøya i nordfjordkommunen Selje for å surfe. Hoddevik er ifølgje politiet ein ynda plass for vindsurfarar.

Saman med fire andre gjekk Amdal seint fredag kveld ned på moloen i vika for å sjå på dei voldsomme bølgjene som rulla innover den store sandstranda. Plutseleg slo ei kjempebølge over moloen, og fire av dei fem vart feia på havet.

Tre kom seg på land

Tre av studentane kom seg opp att, men sistemann mangla. To av dei som kom seg opp var skadde, og vart sende til sjukehus i Volda og på Nordfjordeid med brotskader.

— Det kom kjapt fleire studentar til då venene havna i sjøen. Dei gjekk langs sjøkanten og søkte etter kameraten sin. Fleire vart stående med vatn til livet. Det var ein svært farleg og dramatisk situasjon, fortel konstituert lensmann Nils Bakke ved Selje og Vågsøy lensmannskontor til bt.no.

— Dette var andre gang Amdal var på moloen for å sjå på bølgjene, fortel Belinda Yasmin Moltu til Bergens Tidende. Ho er Natura sin ansvarlege for surfeturen.

— Tidlegare på kvelden hadde 8-9 stykke vore nede på moloen for å sjå på vêret. Då vi kom opp att til huset, ville Amdal ned ein gong til, sidan han tykte det var så flott, og vart med fire andre, seier Moltu.

Fann jakka

Ho fortel om ein knallhard kamp for å redde mannen. Alle studentane hjelpte til. Nokre festa seg til tau på moloen for å fire seg ned i sjøen. Desse kom og under vatn, men redda seg i land på eiga hand.

— Det var vanvittige forhold. I den eine augneblinken kunne ein gå hundre meter utover stranda utan å bli våt, og i det neste kunne alt vere dekt av frådande vatn. Straumen var så sterk at ein merka det godt berre når ein stod med vatn til leggane. Til slutt måtte vi berre gje oss. Det var ikkje forsvarleg å halde fram leitinga, seier Moltu.

Det vart slått full alarm, og Røde Kors vart innkalla. Eit omfattande strandsøk vart sett i gong, utan anna resultat enn den sakna si jakke. Uvêret gjorde redningsarbeidet særdeles vanskeleg, og ein kunne ikkje bruke båt, dykkarar eller helikopter. Då lyset kom måtte mannskapa nøye seg med å stå ved strandkanten og i fjæresteinane og speide. Klokka halv seks hadde dei avslutta søket, for så å ta det opp søndag morgon. Politiet seier imidlertid at dei ikkje har noko håp om å finne den sakna i live.

FAKTA/Tatt av bølgene

September 1995: Tre studenter fra Bergen arkitektskole druknet da de ble tatt av sjøen ved Skogsøy i Øygarden kommune. De tre var på tur sammen med to andre da ulykken skjedde. Været var dårlig, og de tre har trolig sklidd på et sleipt svaberg og blitt feid på havet av en brottsjø. Oktober 1996: To gutter på 13 og 14 år druknet ved Vestre Bokn i Rogaland der de var på ferie med foreldrene. Det var 6-7 meter høye brenninger ved land og guttene ble etter alt å dømme feid på sjøen av en kraftig brottsjø.

August 1997: En gutt i begynnelsen av 20-årene døde og en jevnaldret ble alvorlig såret etter at de ble tatt av en bølge ved Hoddevika i Selje kommune i Sogn og Fjordane. Guttene vasset i vannkanten da de ble overrasket av en kraftig bølge med en undervannsstrøm og dratt ut på havet.

November 1998: En svenske poserte for kameratene på berghyllen ved Kråkenes fyr i Vågsøy da han ble sugd ut på havet av en bølge. Men 26-åringen hadde englevakt, ble skylt på land igjen av en ny brottsjø og kom unna ulykken med lettere ansiktsskader.

I SJOKK: Belinda Yasmin Moltu reiste til Stad for å surfe, men turen fekk ein tragisk slutt.<p/> FOTO: ANDERS ELTVIK, FJORDENES TIDENDE