No har Sunnhordland tingrett gitt familien i Ølen medhald i at huskjøpet til 540.000 kroner kan hevast. Seljarane må i tillegg betala familien for utbetringskostnader og vel 150.000 kroner i rettslege utgifter.

Fleire ekspertar blei kontakta for å finna ut kva som var årsak til den spesielle «gammalmannslukta» som sette seg i alt i huset, inkludert kleda til familiemedlemmene. Dei fleste var einige om at problemet låg i kjellaren, som hadde svært fuktige murar.

Ein konsulent meinte at det måtte så store sanerings— og reparasjonstiltak til at han rekna det 50 år gamle huset som kondemnabelt.

Frykta ureinsleg-stempel

Huskjøparane trudde dei hadde fått seg ein bra heim då dei investerte i huset i Ølen hausten 2000. På synfaringa sist i august var alle dører og vindauge opne, og det skal ifølgje kjøparane ha lukta godt av grønsåpe i heile huset.

Kort tid etter innflytting ein månad seinare merka dei den spesielle og ubehagelege lukta. Vitne skildra lukta som intens og ekkel. Familien vaska og pussa opp, utan at det hjelpte. Lukta sat i det meste. Mor og far fann det best å fortelja om luktplagen til skulen og barnehagen, fordi det lukta av ungane. Dei var redde for at folk dei møtte skulle tru at familien var ureinsleg.

Etter eit halvt år tok dei kontakt med advokat, og i juni 2001 orka familien ikkje lenger å bu i huset. Dei kom i ein vanskeleg økonomisk situasjon med både banklån på huset og utgifter til nytt leigehusvære.

«Mammalukt»

Seljarane kjende seg ikkje att i saka som kjøparane presenterte. Som arvingar selde dei huset som dødsbu etter mora. Dei omtalte huslukta som «mammalukt», ei uproblematisk lukt som ein måtte rekna med når ein kjøpte eldre hus. I tilstandsrapporten før salet var det ikkje skrive noko om lukt i bustaden. Derimot var det nemnt vass- og råteskader i kjellaren.

Sunnhordland tingrett seier i sin dom at vel må det påreknast «gammalmannslukt» i eldre hus. Men luktplagene i Ølen-huset var heilt ekstraordinære og upåreknelege, og gjorde bustaden uråd å bu i, uttalar retten. Som konkluderer med at den spesielle luktplagen var ein mangel som kjøparen ikkje kunne rekna med, og som seljaren burde opplyst om.