— Det står om verdiar. Borna har en nærleik til dei små skulane dei no står i fare for å misse, seier Sigrun Løkken, FAU-leiar ved Fykse skule i Kvam. Må elvane køyre meir enn ein mil til skule i Øystese, misser dei tryggleiken. Foreldra og grenda misser den viktigaste staden å samlast.

Seks skular råka

Det er Fykse skule med 18 elevar, Mundheim med 16 elevar, Oma med 33 elevar og Innstranda med 27 elevar det er gjort framlegg om å leggje ned. I tillegg vil rådmannen overføre dei 27 elevane på mellomsteget (5. til 7. klasse) ved Steinsdalen skule, og 20 elevar på ungdomssteget ved Ålvik skule.

— Kommuneøkonomien tvingar oss til drastiske endringar i skulestrukturen, seier skulesjef Dag Storaas. Denne gongen nyttar det ikkje å kutte litt her og litt der. No må sjølve skulestrukturen endrast. Ved å ta bort dei små skulane og føra elevane over til større skular kan ein få meir lik storleik på klassane ved alle skular i Kvam.

Foreldreopprøret starta i Bergen der innstrammingane i skulen kom tidleg i haust. Nær 18.000 foreldre skrev under på brev til kommunen og styresmaktene. No protesterer foreldre fleire stader.

Skikkeleg fortvila

— Framlegget frå kommunen går ut over utkantane. Me er skikkeleg fortvila. Kvam reklamerer med skule og barnehage i alle grender. Forsvinn dei, forsvinn nokre av dei viktigaste kjenneteikn på kvalitet i kommunen, meier foreldra Sigrun Løkken, Nils Eivind Standen, Vigdis Rykkje, Vivian Bjørke, Siri Kaale og Arne Fykse.

45 unge i alderen 18 til 30 år bur i bygda Fykse i dag Dei kan tenkje seg å bli. Forsvinn skulen, flytter dei ikkje til ein annan stad i kommunen, men heller til Voss eller Bergen.

Nær 200.000 kroner vert spart første året om ein legg ned Fykse skule. Overføring til Øystese vil utløyse ein ny 2. klasse, fordi skulane samla har meir enn 30 seksåringar i år. Det same vil skje om to år. Difor meiner foreldra at vinninga fell bort. 3-4 millionar kroner må til i opprusting for å føre barnehagen over til skulen og rusta skulen opp, meiner kommuneleiinga. Foreldra peiker på at barnehagen har eit tenleg hus. Skulen kan utbetras for ein låg sum og foreldre kan gjere mykje på dugnad.

Moderne uteskule

Fykse skule er ein moderne uteskule med blanda alder på elevane i mange timar. Samarbeid med barnehagen gjev fordelar.

— Vi er ganske rolege og greie. De yngste elevane kjem godt inn i miljøet, meiner elevane Katrine Rykkje, Eirik Aalvik Stranden og Leif Inge Rykkje.

Kommunen ville køyra saka om skulenedlegging raskt gjennom. Det reagerte alle foreldre ved dei seks skulane på.

— Råkøyret opprørte oss. Lova på legg kommunen utgreiing og høring. Sjølv utkantane må verta handsame skilleleg, peiker foreldra på. Det har dei fått gjennomslag for. Nye dokument vert sendt ut denne veka. Saka om skulenedlegging skal ikkje avgjerast før i januar neste år.

<b>AKTIVE ELEVAR: </b>Elevane lager kroner til julespelet. Frå venstre Katrine Rykkje, Leif Inge Rykkje og Eirik Aalvik Stranden.<br/> Foto: Tor Høvik