— Prisauken er umoralsk, meiner Sølvi Randal.

Den nytilsette læraren ved Eivindvik skule er heilt avhengig av å ha plass i SFO for den seks år gamle sonen Daniel. Til no har ho betalt 1331 kroner månaden for SFO-plassen. Frå 1. februar er prisen skrudd opp til 1996 kroner.

— I tillegg til den formidable prisauken, er også opningstidene for korte, meiner åleinemora.

I Eivindvik er SFO i praksis ikkje open om morgonane. Og om ettermiddagane stengjer SFO seinast klokka fire.

— Ordninga er dyr, og ikkje tilpassa behovet, meiner Randal.

Fullt liv

Då Bergens Tidende er på besøk er det fullt liv i 1. klasserommet på Eivindvik skule. Ungane som skal ta til i 1. klasse neste haust er på besøk på skulen for å gjere seg kjende. Det er matfriminutt, og i dag har Daniel selskap av mange rundt matbordet.

Men slik er det oftast ikkje. På torsdagane er Daniel i regelen åleine med ein vaksen. Det hender også ofte om tysdagane. Og måndag må han i barnehagen, for då har ikkje SFO ope. Akkurat det, å gå saman med barnehageungane, likar ikkje 1. klassingen. Han er skulegut no.

— Han syns han er for stor til å gå i barnehage, fortel mora.

Tatt ungane ut

Konsekvensane av prisauken og dei korte opningstidene har blitt at foreldra ikkje lenger søkjer plass for barna i SFO. Dei som kan klare seg på andre måtar, gjer det. Eldre søsken, tanter, onklar og besteforeldre trår til og passar dei små til foreldra kjem heim frå jobb.

Etter at den formidable prisauken blei kjend, er det også foreldre i Gulen som har tatt ungane ut av SFO.

— Så få brukar no ordninga at det er vel eigentleg er eit spørsmål om kor tid SFO-tilbodet i Eivindvik blir avvikla. Kanskje skjer det alt til våren, fryktar Sølvi Randal.

— Kva konsekvensar kan det få for deg?

— Det kan rett og slett bli flytting, svarar læraren som etter fleire år i Bergen fekk jobb ved skulen i kommunesenteret i Gulen i fjor haust.

Utslag i pengeboka

Eitt av alternativa for Sølvi kan vere å flytte til Ytre Gulen, der ho opphavleg kjem frå. For Byrknes er einaste krinsen med eit fungerande tilbod i Gulen. Ungane kan komme til SFO klokka 07.30 om morgonen, og også om ettermiddagane er opningstidene lenger enn i dei andre krinsane.

Nesten paradoksalt nok har det vore frå Byrknes at reaksjonane på prisauken har gitt seg sterkast uttrykk. Arbeidsutvalet ved Byrknes skule meiner ein auke i brukarbetalinga på 50 prosent vil gje ein dramatisk endring i økonomien til foreldra med barn i SFO. Ikkje minst for dei som har fleire ungar i SFO:

— Saman med auke i andre kommunale avgifter kan dette føre til at mange ser seg om etter alternative løysingar for tilsyn av ungane. Det samla tilbodet for barnefamiliar i kommunen kan bli så dyrt at det i enkelte familiar kan få konsekvensar for val av oppvekstmiljø, heiter det i ei fråsegn frå arbeidsutvalet.

7000 kroner i året

Før Sølvi Randal utgjer prisauken på årsbasis nesten 7000 kroner. Kostnadsauken er dermed like tyngjande som auken i straumprisane.

— Kommunen forsvarer seg med at dei øyremerkte tilskota frå staten blir vekke. Men pengane har vel gått inn i den ramma kommunen får, så dei er vel der framleis, undrar den nytilsette læraren.

<b>DYR DANIEL:</b> Frå 1. februar betaler Sølvi Randal 1996 kroner for at den seks år gamle sonen skal gå i skulefritidsordning. Ho kallar prisauken på 50 prosent umoralsk. <br/> (FOTO: ODDLEIV APNESETH)