• Som foreldre vil me ikkje finna oss i at førsteklassar med under 19 elevar berre skal ha ein lærar. Det er uansvarleg.

Stein Erik Hagenes i foreldra si aksjonsgruppe reagerer sterkt på Stord kommune sitt framlegg til budsjett for 2003. I går heldt han ein appell da foreldre ved Thødnalio barneskule aksjonerte i skuletida. I ein skuletime fortrengte foreldra til førsteklassingane lærarane.

I dag vil førsteklassingar og foreldre ved fleire Stord-skular aksjonera før budsjetthøyringa i Levekårkomitéen.

Skeivdeler

Foreldre til alle 39 førsteklassingar ved Tjødnalio skule i Sagvåg deltok i gårsdagens aksjon. Dei protesterer mot at kommunen frå årsskiftet vil spara ei lærarstilling ved å skeivdele dei to førsteklassane.

Seksåringreforma tilseier to lærarar i førsteklassar med fleire enn 18 elevar. Dersom Stord kommune legg opp til ein klasse med 18 elevar og ein med 21 elevar frå årsskiftet, kan det inndragast ei lærarstilling i den minste klassen.

— Ungane våre er fem-seks år ved skulestart.

Læreplan 97 seier at det skal vera leik og uteaktivitetar. Kven vil ha åleineansvar for 18 born på tur? I barnehagen ville det ha vore tre vaksne til å ta seg av ei gruppe på 18, påpeikar Tjødnalio-foreldra.

— Me stiller spørsmål ved prioriteringane i kommunen. Frå før er Stord blant kommunane som brukar minst pengar pr. elev i grunnskulen. Skal me no på jumboplass? Og til politikarane sentralt: Kvar blei det av alle valløfta om satsing på skulen?

Veldig knappe ressursar

Tjødnalio-foreldra har støtte frå samarbeidsutvala ved alle dei åtte grunnskulane på Stord.

Rektor Sigrid Røssland ved Tjødnalio skule seier at det er fagleg uforsvarleg med berre ein lærar i 1.-klassane.

— I år der me har vore betre stilt enn dette året har Stord kommune tilbydd assistentar i tillegg til ein pedagog i førsteklassar med færre enn 18 elevar. No blir det arbeidd hardt for å fordela veldig knappe ressursar rettferdig, seier kommunalsjef Atle Bjørn Mæhle om budsjettframlegget.

— Det er positivt at foreldra engasjerer seg. No er det opp til formannskap og levekårkomité å finna økonomiske rammer og fordelingar innanfor rammene, seier Mæhle.

På bakgrunn av eit oppsamla underskot på over 30 millionar kroner, skal Stord kommune kutta med 40 årsverk innan neste sommar. Det tilsvarer ei innsparing på 15 millionar kroner.