EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Den for tidleg fødde jenta vart funnen død i senga si i april 1999 med store brotskader fleire stader på kroppen. Retten meiner det ikkje er tvil om at jenta var utsett for grov barnemishandling, og at det var dette som gjorde at ho døydde.

Spesielt alvorleg Paret har nekta all straffeskuld. Straffa på to år og seks månaders fengsel er i tråd med ønsket til aktor Eirik Stolt-Nielsen.

Retten meiner det er spesielt alvorleg at offeret var eit forsvarslaust spedbarn, heilt prisgitt omsorgen til foreldra. Dei legg også vekt på at foreldra ikkje gjekk til lege med jenta, av frykt for at barnevernet skulle ta frå dei omsorgen. Dommarane meiner jenta mest sannsynleg ville overlevd dersom ho hadde fått legehjelp for skadene ho var påført.