– Eg ville ikkje ha sendt mine ungar i bilane til andre foreldre, seier Annette Brynildsen.

Ho er mor til ein av førsteklassingane på Fridalen skole som har hatt skeisedag i Bergenshallen. Ungane på Fridalen går fram og tilbake til skøytehallen, men Brynildsen er ei av foreldra som på eige initiativ stiller opp for å køyre elevane sine skulesekkar.

– Vi har ikkje fått spørsmål om å køyre når elevane skal på tur. I Bergen kommune får elevane gratis skyss med bussar, seier Brynildsen.

I Fjell kommune på Sotra har foreldre derimot stilt opp med sine bilar for å transportere elevane på klassetur. Sjølv om nokre foreldre har reservert seg mot ein slik praksis, skal turane likevel ha blitt gjennomført.

– Handlar om tryggleik

Først då utdanningsdirektør i Hordaland, Kjellbjørg Lunde, greip inn overfor skulesjef Ellen Hansen, vart det slutt på praksisen med foreldrekøyring.

­– Det er gode grunnar til at det ikkje er lovleg med foreldrekøyring på skuletur. Når skulen og det offentlege tek ansvar for ungane, kan ein ikkje delegere dette vidare til private. Foreldre kan køyre sine eigne barn, men ikkje ta med andre ungar. Ein skal ha konsesjon for å drive med skyss av elevar, seier Lunde.

Ho vart kontakta av ein føresett i Fjell som reagerte på at foreldre gjentekne gongar vart bedne om å stille opp med bilar for å frakte klassen på «bli kjend-tur», på klassetur og til skeisedag i Bergenshallen.

– Det handlar om tryggleiken til borna våre, og det handlar om at skulane følgjer reglane, seier den føresette til BT.

Færre skuleturar

Den føresette ønskjer ikkje å stå fram i avisa då ho har møtt mykje motbør etter å ha protestert på ordninga.

– Det er også mange som har støtta meg. Eg veit at fleire foreldre blir irriterte og kjenner seg pressa til å ta fri frå jobb for å køyre elevane. Vi kan gjerne høyre «får vi ikkje ein bil til no, så blir det ikkje tur», fortel forelderen, som presiserer at det er klassekontaktar og ikkje lærarar som ringer rundt til foreldra.

Rektor Arne Bjorøy på Brattholmen skule på Litlesotra fortel at skulane har nytta seg av denne ordninga ettersom skulane ikkje har budsjett til å sende ungane på tur med buss.

– Vi har berre hundre kroner per elev å bruke til skuletur. Når desse er brukt opp har vi nytta oss av foreldreskyss på klasseturar, men det er det slutt på no, seier rektor Arne Bjorøy ved Brattholmen skule.

Truleg ikkje berre Fjell

Rektoren trur konsekvensen for elevane blir færre turar. Han hevdar at fleire foreldre ved Brattholmen skule synest det er leit og unødvendig at ordninga tek slutt.

Det er også fleire skular i Fjell som har nytta seg av velvillige foreldre som stiller opp med transport til og frå ulike skulearrangement. Utdanningsdirektør Lunde fryktar at praksisen ikkje avgrensar seg til Fjell kommune.

– Vi har ikkje ressursar til å sjekke opp overalt og er avhengige av at folk melder frå til oss om slike forhold. Etter tilsyn fylkesmannen har gjennomført viser det seg at mange kommunar ikkje har skikkelege system for å følgje opp at krava i opplæringslova vert følgt kringom på skulane, seier Kjellbjørg Lunde.

Silje Katrine Robinson