• Det er flott at det ikkje er funne fellestrekk, seier Atle Lothe, far til vesle Emil, som var død då han vart fødd på KK i april i fjor.

— Men vi er ikkje overraska over resultatet. Vi har heller ikkje har klart å finne fellestrekk mellom oss og andre vi har møtt som har mista barn i dødfødsel, fortel Lothe til BT.

For ei veke sidan fortalde ekteparet Eva Margreta og Atle Lothe på Gaupås om vesle Emil i BT. Sonen var død då han kom til verda på Kvinneklinikken i Bergen 29. april i fjor.

Mest truleg var dødsårsaka oksygenmangel som følgje av svikt i navlesnora, viser obduksjonsrapporten.

Medieoppslag om mogleg dobling av dødfødslar på KK sette i sving mange tankar hos ekteparet, som er glade for at sjukehuset har gått så grundig til verks for å leite etter forklaringar.

— Veldig positivt, meiner Lothe.

— Vi har framleis mange spørsmål kring Emils død, men dei får vi truleg aldri svar på. Det må vi slå oss til ro med, vi har ikkje noko val.

I mai skal Eva Margreta føde familiens fjerde barn - på KK.

— Vi er veldig trygge på KK, seier Lothe.

DØDFØDSEL: Eva Margrethe og Atle Lothe fekk eit dødfødt barn på KK i fjor.<p/>ARKIVFOTO: HELGE SKODVIN