• Vi fekk eit slags sjokk. Sat berre der. Trøysta kvarandre. Kor alvorleg er det? Er jenta drepen?

Foreldra til 18-åringen som er tiltalt for to drapsforsøk opplevde sitt verste mareritt natt til 25. september i fjor. Faren fortalde om hendinga i retten i går.

Ein slektning ringde og fortalde at sonen deira nettopp hadde skote ei jente nede i Odda sentrum.

— Det er ikkje mogeleg. Han ligg og søv, sa mora, som hadde teke telefonen.

Faren spratt opp av senga, og styrta ned til guterommet i underetasjen. Senga var tom. Hagla og ammunisjonen var borte. Utgangsdøra i vaskerommet stod open.

Foreldra høyrde dei to skota nede frå sentrum. Dei fall om lag klokka 01.50.

— Skyt dei i Odda også, no, kommenterte mora.

Berre 20 minutt tidlegare hadde faren lagt seg att, etter å ha sagt god natt til 18-åringen, ruska han i håret, og spurt om det er nødvendig å drikka alkohol i helgane. Meir ville han ikkje kommentera dette. Ei eventuell skjennepreike fekk venta til dagen etter.

— Sjølv likar eg ikkje alkohol, og eg likar ikkje jakt heller, sa faren.

Men vener hadde overtydd han om at jakt er ei positiv interesse. Difor hadde guten fått kjøpa hagle med foreldra sitt løyve då han vart 16. Han hadde planlagt å gå på jakt saman med ein kamerat denne helga.

— Kvifor? Eg stangar hovudet mot veggen der. Det må ha skjedd noko heilt gale oppe i toppen, sa faren i retten i går.

Han har tenkt mykje på at han som einebarn ikkje har stått i kø. Guten får ikkje alt han peikar på, men han må ikkje venta på andre. Kanskje har det gjort utslag når han kjenner seg urettvist takla av dørvaktene.

Elles står episoden som uforståeleg for foreldra, som er jamleg på besøk i fengselet. Guten deira var eit midtpunkt i veneflokken. Godt likt av alle. Ei drivande kraft i russerevyen. Og han gjorde pliktene sine både heime og på skulen.